Om Helse Vest IKT

Organisering

Helse Vest IKT er eit aksjeselskap som er eit heileigd dotterselskap av Helse Vest RHF, og skal levere produkt og tenester til helseføretaka på IKT-området.

Helse Vest IKT er organisert i tre divisjonar. Kvar divisjon er organisert i fleire avdelingar. I tillegg kjem fellestenester og HR, som skal støtte divisjonene. 

Ved sida av Helse Vest IKT har det regionale helseføretaket, Helse Vest, fire helseføretak: Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna og Helse Stavanger.

Nasjonal organisering

Spesialisthelsetenesta i Noreg omfattar offentlege sjukehus og institusjonar innan somatikk, psykisk helsevern, tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelmisbruk og ambulanseteneste. Tenesten er organisert gjennom regionale helseforetak.

Dei regionale helseføretaka (Helse Vest, Helse Sør-Øst, Helse Midt og Helse Nord), har ansvaret for å tilby befolkninga i sin region nødvendige spesialisthelsetenester. Dette kan gjerast ved å tilby tenester frå eigne helseføretak, ved å kjøpe tenester frå private sjukehus, frå private legespesialistar, frå sjukehus i andre regionar, eller i utlandet. Dei regionale helseføretaka er også eigarar av eigne helseforetak.

Dei offentlege sjukehusa og sjukehusapoteka er organisert i helseføretak. Det kan vere eitt eller fleire sjukehus organisert under samme helseføretak.

Helse Vest IKT er i denne samanhengen organisert som eit heleigd dotterselskap under Helse Vest, og skal tilby IKT-tenester til regionens sjukehus.

Sist oppdatert 04.05.2026