- FellestenesterFellestenester har det overordna ansvaret for å understøtte leiinga, det enkelte helseføretak og prosjekt i Helse Vest med god styringsinformasjon og beslutningsgrunnlag innanfor IKT området. Avdelinga har controllarar for kvar av dei andre avdelingane. I tillegg bidreg avdelinga med støtte til dei andre avdelingane på kommunikasjonsfeltet.
- HRHR har ansvar for å leggje til rette for god praksis og utvikling innan HR/organisasjonsområdet, og bidra til at arbeid med medarbeidarskap og leiarskap understøtter Helse Vest IKTs formål og forretningsidé. HR leverar både operasjonelle og strategiske tenester innanfor HR-faget, frå leiarstøtte til organisasjonsutvikling.
- IKT FagsenterIKT Fagsenter har ansvar for førstelinje og andrelinje brukarstøtte, samt overvaking og tilgongshandsaming. Kundesenteret utgjer førstelinja i brukarstøtta.
- Regionalt EPJ FagsenterRegionalt EPJ Fagsenter er bygd opp med kompetanse rundt fagsystema som vert brukt på sjukehusa. Dei tilsette har høg kompetanse i skjeringspunktet mellom helsefag, IT og organisasjon.
- Strategisk IKTStrategisk IKT har ambisjon om å bidra til å sette retning, definere mål og levere på strategi til Helse Vest. Vi har fagansvar og forvaltar metodikk for innovasjon, strategi, arkitektur og design.
- TenesteproduksjonAvdeling for tenesteproduksjon har ansvar for drift og forvalting av all IKT-relatert infrastruktur for alle helseføretaka i Helse Vest. Vi arbeidar med å levere tenester av høg kvalitet og oppetid innan område som PC-drift, nettverk, server, lagring, databasedrift, applikasjonsdrift, telefoni og sjukesignalanlegg.
- TenesteutviklingAvdelinga har ansvar for forvaltning og vidareutvikling av Helse Vest sine IKT-løysingar. Tenesteutvikling skal bidra til betre bruk gjennom tett dialog med systemeigarar og systemansvarlege i helseføretaka. Handtering av komplekse saker og planlegging av endringar og oppgradering er ei vesentleg oppgåve for dei fire ulike seksjonane i avdelinga.
- VerksemdsutviklingAvdeling for Verksemdsutvikling bidrar til digitalisering og effektivisering for helseføretak, pasientar og pårørande. Med sterke fagmiljø innan utvikling, integrasjon, datavarehus og rapportering, prosjektleiing og testleiing, gjennomførast viktige prosjekt og oppdrag for å forenkle pasientbehandlinga.