logo Helse Vest IKT
Tre personer diskuterer

Ledige stillingar

Her kan du bli del av eit innovativt miljø som jobbar for å betre pasientbehandlinga gjennom nye IKT-løysingar.

Helse Vest IKT er totalleverandør av IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Ve​st. Vi deltek òg aktivt i nasjonalt arbeid innanfor IKT i helsesektoren. Målet vårt er å levere gode tenester til kundane våre.

Hos oss vil du møte eit framtidsretta miljø, med variert erfaring og kompetanse,  som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar.

Vi har kompetente konsulentar og rådgivarar med variert bakgrunn frå informatikk, til prosjektleiing og helsefagleg kompetanse. Ein stor del av dei tilsette er erfarne rådgjevarar innan IKT eller helse. Mange kjem frå helsesektoren med ønskje om å forbetre pasientbehandling gjennom nye IKT-løysingar. I tillegg har vi medarbeidarar som er nyutdanna og kjem frå høgskule eller universitet. 

Fagleg utvikling for enkeltpersonar og selskapet står sentralt. Det er mogelegheiter for å søke interne stillingar innanfor andre fagområde, også geografisk. 

Vi har jobbmoglegheiter over heile Vestlandet. Medarbeidarane våre er nemleg spreidd frå Førde til Bergen, til Haugesund og Stavanger. Vi har òg mindre avdelingskontor på Voss, Odda, og Stord.

I Helse Vest IKT vil du møte kollegaer som er opptatt av eit godt arbeidsmiljø, der samarbeid, trivsel og samhald står i sentrum.

I tillegg til dette kan vi tilby gode pensjons- og forsikringsordningar i Kommunal- og landspensjonskassen (KLP).

    Sist oppdatert 08.05.2024