Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest IKT
En mann med briller

Om Helse Vest IKT

Utviklingsplan

Utviklingsplanen set mål og retning for den vidare utviklinga av Helse Vest IKT i lys av oppdraget vårt, utviklingstrekka og endringane som skjer rundt oss. 

Forord

Av administrerande direktør Ole Jørgen Kirkeluten.

Helse Vest IKT er eitt av dei største IT-miljøa på Vestlandet. Vi har eit sterkt fagmiljø med stor fagleg bredde og motiverte menneske som brenn for samfunnsoppdraget vårt. Dette er avgjerande for ei solid spesialisthelseteneste i åra fremover.

Utviklingsplanen set mål og retning for den vidare utviklinga av Helse Vest IKT i lys av oppdraget vårt, utviklingstrekka og endringane som skjer rundt oss. 

Dei fire strategiske måla viser kva vi skal strekke oss mot - både i det daglege arbeidet og i den langsiktige styringa av selskapet.

Slik bidreg utviklingsplanen til å sikre at Helse Vest IKT forblir ein attraktiv IKT-leverandør og samarbeidspartnar for helseføretaka. Tett samarbeid på tvers av fag er viktig dersom vi skal evne å levere løysingar som hentar ut nytteverdien av teknologi og reduserer arbeidsbyrda for helsepersonell. 

Gjennom utviklingsplanen ønsker vi å stadfeste posisjonen vår som ein framoverlent samarbeidspartnar med unik bransjekunnskap og nærleik til helseføretaka. Dette ser vi att i måla i utviklingsplanen og det set krav til både Helse Vest IKT og helseføretaka. Digitaliseringsarbeidet i helseføretaka må innrettast slik at vi blir ein integrert bidragsytar tett på behov og problemstillingar, og gjerne saman med strategiske underleverandørar. Sjølv må vi evne å vidareutvikle ein samarbeidskultur og legge til rette for tett samarbeid «der det skjer».

Kvar dag går vi på arbeid til det beste for føretaka. Vi må våge å sette oss høge mål, vere villige til å «brette opp ermane» og gjere det som må til. Og, ikkje minst: Det skal vere gøy å vere god, å lukkast og å ha kompetanse.

La oss saman bygge eit selskap som vi kan vere stolte av og som kan utgjere ein forskjell også framover!
Ole Jørgen Kirkeluten, amininstrerende direktør
Pasient og ambulansearbeidere.
Foto: Ingvild Festervoll Melien

Det store biletet

Utfordringsbiletet i helsetenesta er godt kjent, med auka behov for helsetenester parallelt med mangel på helsepersonell. Tenestene må leverast meir effektivt og på nye måtar, der teknologi er eitt av verkemidla.

For å lukkast må endringstakta for dei teknologiske løysingane opp, slik at teknologien bidreg til tenesteutviklinga. Løysingane må vere betre tilpassa brukarane, i tråd med målet om ein enklare arbeidskvardag for helsepersonell i den nasjonale e-helsestrategien.

I Helse Vest har endringar i organiseringa av digitaliseringsarbeidet òg konsekvensar for oss. Drift, forvaltning og utvikling smeltar meir saman og krev endringar i både arbeidsmåtar, kultur, kompetanse og det teknologiske fundamentet.

Nasjonalt peikar det politiske biletet mot meir samarbeid på tvers av aktørane i sektoren. Vi må bidra til vår felles helseteneste, der pasientar skal oppleve heilskaplege og samanhengande tenester. Og vi må bruke dei samla økonomiske og menneskelege ressursane på best mogleg måte. Teknologmangel og endra forventningar til arbeidsgjevar gjer at vi må vere attraktive for å tiltrekke oss og behalde dei rette folka.

Globalt ser vi at auka uro stiller strengare krav til korleis vi arbeider med informasjonstryggleik og beredskap. Teknologiutviklinga skjer òg stadig raskare. Sky opnar eit univers av moglegheiter som vi må utnytte. Dette vil òg kunne endre arbeidskvardagen, rollene og kompetansebehovet til medarbeidarane.

Vurderingar av korleis alle desse faktorane påverkar oss ligg til grunn for måla i utviklingsplanen.

Måla våre

Ikon

Vi har sikker, stabil og effektiv drift av infrastruktur og løysingar

Sikker, stabil og effektiv drift av IKT-infrastruktur og -løysingar er heilt avgjerande for at over 37.000 medarbeidarar i sjukehusa i Helse Vest bidreg til å levere trygge og gode helsetenester til kring 1,1 millionar vestlendingar. Kvar dag, heile døgnet og heile året, sikrar vi at teknologi og informasjon er tilgjengelege og at helseopplysningar og andre sensitive data er korrekte og beskytta mot ikkje-autorisert tilgang. Det gjeld òg for drift og forvaltning av medisinsk-teknisk utstyr, som samlar, brukar og deler store mengder data for diagnostikk og behandling.

Pasienttryggleik, informasjonstryggleik og personvern ligg til grunn for alt vi gjer, enten det er drift av det eksisterande eller utvikling av det nye.

Pandemi, klimaendringar og politisk uro understrekar viktigheita av Helse Vest IKT si rolle knytt til beredskap. Vi arbeider saman med dei andre helseregionane og relevante nasjonale samarbeidspartnarar for å ivareta våre plikter på dette området.

Driftsmiljøa i Helse Vest IKT er langt framme på innovasjon og nytenking. Vi grip moglegheitene i skya der det bidreg til effektiv og robust drift. Automatisering sikrar kostnadseffektiv drift og rett bruk av personell, og vi brukar handlingsrommet i eksisterande leverandørkontrakter og teknologi.

Ikon

Vi er ein framoverlent samarbeidspartnar i helseføretaka sin digitale transformasjon

Helseføretaka står overfor store utfordringar. Samtidig som det er mangel på helsepersonell, vert pasientane fleire og eldre, og dei har meir samansette sjukdomsbilete og stadig større forventningar til helsetenesta. Teknologi er eit av verkemidla for å levere tenestene på nye måtar. Bruk av digitale verktøy bidreg til ein enklare kvardag for helsepersonell og rett kvalitet i tenestene. 

Helse Vest IKT er ein framoverlent samarbeidspartnar til den digitale transformasjonen i sjukehusa. Medarbeidarane våre forstår behova ved å vere tett på helsepersonell i den kliniske kvardagen. 

Vi arbeider systematisk med å vere oppdatert på ny teknologi og har ei leiande rolle i føretaksgruppa med å identifisere trendar som kan skape verdi eller utgjere risiko. Vi brukar dette som grunnlag for å sjå moglegheiter og finne dei gode og brukarvenlege løysingane saman med medarbeidarane i sjukehusa. 

I leveranseprosessane har vi fokus på både kva nytte og kva negative konsekvensar leveransane kan ha for sjukehusa. Vi støttar dei i å vere gode brukarar av våre tenester og i å hente ut nytteverdien av det vi leverer. I dette ligg òg å dele dei gode løysingane med heile føretaksgruppa og dei andre helseregionane.

Ikon

Vi har ein moderne digital grunnmur

For å ivareta sikker, stabil og effektiv drift og understøtte helseføretaka sine behov for å levere helsetenester på nye måtar, har vi ein moderne digital grunnmur. Den gjer det mogleg for sjukehusa å endre seg raskare og er ei verktøykasse for brukarnær utvikling av løysingar som er tilpassa brukarane og passar inn i vårt teknologilandskap.

Vi samarbeider med dei andre helseregionane og nasjonale aktørar om felles komponentar, løysingar og standardar. Vi bidreg til optimalisering og forenkling av applikasjonsporteføljen, og vi fasar fortløpande ut utdatert teknologi som gir høge kostnader, unødig høg ressursbruk eller ikkje-akseptabel risiko.

Skytenester er ein viktig del av den digitale grunnmuren. Skystrategien set tydeleg retning og rammer for bruk av sky i Helse Vest. Skytenester gir oss rask tilgang på ny teknologi. Det skal til dømes vere enkelt og trygt å utvikle og ta i bruk løysingar med kunstig intelligens.

Enkel og rett tilgang på gode data er ein vesentleg del av grunnmuren. Helse Vest IKT legg til rette for enklare og tryggare deling og gjenbruk av data, inkludert frå medisinsk-teknisk utstyr og anna type utstyr og sensorar. Integrasjonsarkitekturen mogleggjer raskare utvikling, sikrar god IKT- og informasjonstryggleik og gir oss høg fleksibilitet.

Ikon

Vi lukkast gjennom trygge, engasjerte og kompetente tilsette

Helse Vest IKT er ei kompetansebedrift der leiarane og medarbeidarane er dei viktigaste ressursane våre. Vi har ein unik samansetnad av teknologikompetanse og kjennskap til sjukehusa sine behov. 

Helse Vest IKT er ein god arbeidsplass som legg til rette for fagleg og personleg utvikling og ein sunn balanse mellom arbeid og fritid. Vi har ein jobb med meining, og kulturen vår er prega av engasjement, samarbeid og læring på tvers av organisasjonen. Som leiarar og medarbeidarar i Helse Vest IKT veit vi kva som er forventa av oss, og vi får støtte til å lukkast i rollene våre. 

I ei verd med rask teknologiutvikling og ressursmangel er vi ein attraktiv arbeidsgjevar med fokus på å tiltrekke oss, utvikle og behalde tilsette. Vi legg vekt på kompetansebygging og skalerer og utviklar tenestene våre i takt med helseføretaka sine behov. Aktivt samarbeid med helseføretaka og dei andre helseregionane, eller med andre lokale og nasjonale samarbeidspartnarar, bidreg til god bruk av ressursane i sektoren. 

Vi jobbar saman i tverrfaglege team for å nytte den samla kapasiteten og kompetansen vår. Organisasjonen legg til rette for at teama lukkast ved å gi dei ansvar og myndigheit til å drive forbetringsarbeid ut frå tydeleg definerte mål og prioriteringar. Helse Vest IKT er ein pådrivar for nye måtar å arbeide på i det regionale digitaliseringsarbeidet.

Sist oppdatert 05.02.2024