logo Helse Vest IKT

Om Helse Vest IKT

Miljøsertifisering

Helse Vest IKT er sertifisert etter den nasjonale standarden for miljøstyringsystem, ISO 14001:2015. Standarden beskriv korleis organisasjonar kan oppnå miljømessige og økonomiske mål, og skal gjere det enklare å leggje til rette for å nå desse måla.

Gjennom sertifiseringa har Helse Vest IKT forplikta seg til å vere ein miljøbevisst organisasjon som kontinuerleg forbetrar den negative miljøpåverknaden ved å tenke langsiktig og førebyggande.

Her er våre fire hovudmål:

  • Bidra til at nye tekniske løysingar i størst mogleg grad har positiv effekt på det ytre miljøet.
  • Redusere utslipp av miljøskadelege stoff til jord, luft og vatn som stammar frå tenestereiser.
  • Trå etter å følgje dei til ein kvar tid anbefalte offentlege miljønormer ved anskaffing av IKT-utstyr.
  • Ha miljøbevisste medarbeidarar som kjenner til organisasjonens miljøpolitikk.
Sist oppdatert 03.12.2018