Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest IKT
Leiinga i Helse Vest IKT

Om Helse Vest IKT

Organisering

Helse Vest IKT er eit aksjeselskap som er eit heileigd dotterselskap av Helse Vest RHF, og skal levere produkt og tenester til helseføretaka på IKT-området.

Leiargruppa i Helse Vest IKT består av administrerande direktør og ni avdelingsleiarar, som kver er ansvarleg for sine underliggjande seksjonar. 

Ved sida av Helse Vest IKT har det regionale helseføretaket, Helse Vest, fire helseføretak: Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna og Helse Stavanger.

Nasjonal organisering

Spesialisthelsetenesta i Noreg omfattar offentlege sjukehus og institusjonar innan somatikk, psykisk helsevern, tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelmisbruk og ambulanseteneste. Tenesten er organisert gjennom regionale helseforetak.

Dei regionale helseføretaka (Helse Vest, Helse Sør-Øst, Helse Midt og Helse Nord), har ansvaret for å tilby befolkninga i sin region nødvendige spesialisthelsetenester. Dette kan gjerast ved å tilby tenester frå eigne helseføretak, ved å kjøpe tenester frå private sjukehus, frå private legespesialistar, frå sjukehus i andre regionar, eller i utlandet. Dei regionale helseføretaka er også eigarar av eigne helseforetak.

Dei offentlege sjukehusa og sjukehusapoteka er organisert i helseføretak. Det kan vere eitt eller fleire sjukehus organisert under samme helseføretak.

Helse Vest IKT er i denne samanhengen organisert som eit heleigd dotterselskap under Helse Vest, og skal tilby IKT-tenester til regionens sjukehus.

Sist oppdatert 28.04.2023