Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest IKT
En gruppe hvite enheter

Den som leiter, skal lettare finne: Lokalisering av medisinsk utstyr på app

Sjukepleiarar bruker mykje tid på å leita etter utstyr. No har tilsette på Kvinneklinikken vore med på å utvikla ei løysing som skal gjera kvardagen enklare.

Vil du jobbe med teknologi som bidreg til å redde liv? Helse Vest IKT har jobbmoglegheiter over heile Vestlandet. Våre ledige stillingar finn du her.

– Eg er overraska over kor mange positive tilbakemeldingar vi har fått når vi har presentert konseptet for brukarane. Det har kanskje å gjera med at dette er ei etterlengta løysing på eit vanleg problem, fortel Torgny Neuman, arkitekt ved Helse Vest IKT som leier konseptutredninga.

Målet er å lage ei lokaliseringsløysing som skal bidra til å finne utstyr som er på ein post- eller poliklinikk, men også det som beveger seg til frå sterilsentralen og frå operasjonsstova og tilbake.

Kartlegging og testing: Finn ein lettare utstyret?

Basert på intervju og kartlegging av behov, utvikla Helse Vest IKT ein designprototyp av ei mobilapp som gjer det mogleg å lokalisere medisinsk utstyr. 10 sjukepleiarar fekk teste appen, der ein via posisjonar eller markørar kunne finna ønska utstyr til ei kvar tid.

– Vi observerte kva dei gjorde og ikkje gjorde, og kva dei ikkje fekk til. Så fekk min kollega Emma Hjellestad laga ein ny prototype. No skal vi prøve den ut med levande data fram til sommaren.

– Dette skal bli ei brukarvenleg løysing som ikkje krev opplæring. Den fungerer på same måte som kart-applikasjoner på mobilen, som dei fleste kjenner godt til frå før, held Torgny Neuman fram.

En mann som sitter ved et bord
Torgny viser appen som dei har testa på Kvinneklinikken for raskare kunne finne medisinsk utstyr i ein travel kvardag.

Sporingssystem – Meir enn ein app

Appen er berre ein del av prosjektet. Det skal også utviklast ei kombinert mobil- og skjermløysing, som kan brukast til fleire føremål. Denne løysinga skal samla inn informasjon frå ulike system, som til dømes SAP og Orbit. Dette kan til dømes vere informasjon om kor utstyr befinn seg. Informasjonen vert samla i ein HUB og gjort tilgjengeleg på ulike plattformer.

Medisintekniske behov for å finne utstyr

Medisinteknisk personell har òg behov for å finna utstyr og har vore intervjua.

– Operasjonar går kontinuerleg, så det er svært viktig at prosessen held fram: Riktig utstyr må koma fram til operasjonsstova til rett tid, og vi må vita kor utstyret er til ei kvar tid. Alt må koma tilbake for klargjering før neste operasjon.

Moglegheitene for det nye systemet for sporing sluttar ikkje der.

– Med eit slikt sporingssystem kan vi òg nytte det for klede, mat eller senger.

Rask implementering: Utviklingsavdelinga i sving allereie

Konseptutgreiinga er no avslutta, og godkjend for vidare implementering.

– Løysing til produksjon skal vere på plass i nytt bygg i Førde i våren 2024, i regi av prosjektleiar Jan Petter Nøst. Så tida er knapp, seier Torgny Neuman.

Sist oppdatert 25.08.2023