logo
Man ligg i sjukehusseng og får hjelp av medisinsk personal

Tenester og prosjekt i Helse Vest IKT

Vi arbeider tett saman med helseføretaka for å utstyre dei med dei rette systema og rutinane for ei trygg og effektiv pasientbehandling.

Vi har levert ei rekke tenester som er tilgjengelege for alle sjukehusa på Vestlandet og som inngår som ein del av drifta. 

I tillegg jobber vi aktivt med nye innovasjoner. ​Helse Vest IKT leier for tida over 25 forskjellige program eller prosjekt, med ein total verdi på omlag 260 millionar kroner.  

Dette er nokre av tenestene og prosjekta Helse Vest IKT er involvert i. 

  • Bilete av AMK-sentralen
    Nye løysingar gir tryggleik for publikum

    Nødtelefonen 113 har vore med oss i snart 40 år. Den teknologiske utviklinga har vore stor, men det handlar framleis om det same. Å gi raskast og best mogleg hjelp når akutte situasjonar oppstår.

  • Portrett av Tove Furnes Dyrdal.
    – Kritisk viktig med god kontroll på legemiddelbruken

    Helse Vest IKT har ansvaret for mange kliniske IT-system som sjukehusa er avhengige av for å kunne gi god pasientbehandling. Blant desse finn du MEONA, systemet som nyttast for å dokumentere legemidlar og andre vitale data om pasienten.

  • En gruppe hvite enheter
    Den som leiter, skal lettare finne: Lokalisering av medisinsk utstyr på app

    Sjukepleiarar bruker mykje tid på å leita etter utstyr. No har tilsette på Kvinneklinikken vore med på å utvikla ei løysing som skal gjera kvardagen enklare.

  • Kvinne sitter foran sykeseng
    Akuttmottaket – Arbeid under press krev smarte løysingar

    - Den nye løysinga for mottaket var ein stor omvelting, og me var veldig spente på om teknologien ville halde, seier Julie Ovidia Trøan, assisterende einingsleiar på akuttmottaket på Haukeland Universitetssjukehus. Ho erfarer eit auka press på akuttmottaket, og trur teknologien vil bli ein viktig faktor for å kunne halde fram å drive trygt mot ei pasientbølgje som allereie er på veg.

  • Mann står fremoverlent inn i ambulanse
    Livreddande naudnett i ambulansetenesta

    Moglegheita for å sende inn videolink frå innringar gir ei betre situasjonsforståing, og ein kan gi meir korrekte råd og rett hjelp. Ambulansesjåfør Sveinung Rotnes har erfart at dette truleg har vore med på å redde livet til pasientar.

  • En hånd som holder en telefon
    LIBRA - logistikk, innkjøp, budsjett og rekneskap

    LIBRA er namnet på Helse Vest sitt program for logistikk, innkjøp, budsjett og rekneskap.

Sist oppdatert 23.06.2020