logo Helse Vest IKT

Regionalt EPJ Fagsenter

Regionalt EPJ Fagsenter er bygd opp med kompetanse rundt fagsystema som vert brukt på sjukehusa. Dei tilsette har høg kompetanse i skjeringspunktet mellom helsefag, IT og organisasjon. 

Avdelinga har blant annet ansvar for meldingsovervaking og opplæring av alle nytilsette og studentar i dei kliniske fagsystema. I tillegg utfører avdelinga ein rekke forvaltningsoppgåver i systema.

Avdelinga har fire seksjonar.

Legemiddel og kurve

Seksjon for Legemiddel og kurve forvaltar elektronisk kurve MEONA og har ansvar for klinisk konfigurasjon, datafangst, opplæring, nyutvikling og utrulling av løysningen i samarbeid med verksemda. Seksjonen består for det meste av helsepersonell.

Pasientjournal

Seksjonen drifter og forvaltar DIPS i Helse Vest. Vi har tilsette som jobbar med konfigurering av løysinga, opplæring, planlegging av oppgraderinger mm.

I tillegg har seksjonen eit viktig ansvar for fleire integrasjonsløysingar og portalar knytta til DIPS. Dette omfattar DIPS Message Broker, HL7 Connector, Gat Connector, Document Manager, NPR-meldingar, NIMES, Ringe-tenesta, SMS-tenesta, Vestlandspasienten, GAT og avansert oppgåveplanlegging.

Samhandling

Seksjonen overvakar elektronisk meldingsutveksling mellom sjukehus, legekontor og kommunar. Vidare testar, breidder og legg seksjonen til rette for nye meldingstypar og samhandlingspartnarar. I tillegg har seksjonen ansvar for å vedlikehalde rekvirentregister og køyre diverse KS rapportar.

Informasjon om elektronisk meldingsutveksling for legekontor.

Kontakt seksjonen: samhandling@helse-vest-ikt.no / Tlf: 55 97 65 40

Felles løysing

Felles Løysing har ansvaret for opplæring av nytilsette og studentar i kliniske fagsystem i Helse Vest. Seksjonen deltar også i det operative styringsorgan med sekretariat og koordinatorer. Vidare har seksjonen også ein rekke faste forvaltningsoppgåver knytt til EPJ-systema.

Avdelingsleiar

Vidar Råheim jobbar som avdelingsleiar for Regionalt EPJ Fagsenter. Du kan nå Vidar på telefonnummer 97 51 97 91, eller på e-post vidar.raheim@helse-vest-ikt.no.

Send e-post til Vidar
Profilbilete av Vidar