– Teknologien gir oss heile tida betre verktøy. I dag kan vi få direktevideo frå skadestaden, vi kan dele informasjon i sanntid med ambulanse, politi og brann, og ambulansen kan sende hjartedata direkte til akuttmottaket, seier Åge Carl Jensen, leiar for AMK i Helse Bergen.
AMK står for Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral. Det er menneska som jobbar her som tek telefonen når du ringer 113, og som hjelper deg å vurdere situasjonen og gi medisinsk rettleiing. Åge Carl Jensen har jobba på AMK i over 30 år, og har fått med seg mykje av utviklinga.

– Løysingar vi berre kunne drøyme om i 1984, er no blitt ein viktig del av måten vi jobbar på. Den gang ønska vi å ha moglegheita til å få tilsendt bilete frå skadestaden, og no tek vi imot direktesendt video frå innringaren sin telefon. Det gjer oss i stand til å vurdere situasjonen, og gi betre rettleiing til dei som ringer inn. Det er ein ekstra tryggleik for oss, innringar og alle som er involvert, seier Jensen.
Samarbeid mellom nødetatane
Lenge handla den teknologiske utviklinga om å få inn mest mogleg informasjon frå skadestaden. Dei siste åra har det også handla meir om å dele informasjon mellom alle som kan hjelpe. Jensen var med på å utvikle kravspesifikasjonen til det nye nødnettet som vart tatt i bruk i 2015. Det felles nødnettet gjorde samarbeidet mellom helse, politi og brann enklare.
– Med nødnettet kan nødetatane og andre organisasjonar snakke saman. Dette var ikkje mogeleg før. Då hadde nødetatane eigne samband og ein kunne berre kommunisere innan sin eigen etat. Med nødnettet får ein betre høve for samhandling. Dette fører til auka tryggleik både for personell og pasient.
Betre pasientflyt på nasjonalt plan
Framover vert det no jobba med å innføre ny teknologi for handtering av nødmeldingar og ressurshandtering.
– I Noreg utviklar vi no eit nytt IKT-system som vil lette arbeidet med medisinsk oppfølging av pasientar ved ulykkesstaden og heilt fram til akuttmottak og eventuell vidare behandling. Dette skal fungere på tvers av geografiske linjer og transportmiddel. I Bergen er vi aktive pågangsdrivarar for å få utvikla dette både på lokalt og nasjonalt plan, seier Jensen.
