Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest IKT
Mann står fremoverlent inn i ambulanse

Livreddande naudnett i ambulansetenesta

Moglegheita for å sende inn videolink frå innringar gir ei betre situasjonsforståing, og ein kan gi meir korrekte råd og rett hjelp. Ambulansesjåfør Sveinung Rotnes har erfart at dette truleg har vore med på å redde livet til pasientar.

Sveinung Rotnes er utdanna sjukepleiar og har autorisasjon som ambulansearbeidar. Han er tilsett i akuttmedisinsk avdeling i Helse Bergen, der han fordeler arbeidstida si mellom å jobbe som medisinsk operatør i AMK Bergen og i ambulanse. Han har erfart verdien av korleis teknologi sikrar betre behandling.

Akutt krise – vi kan gjere ein skilnad 

– Det er mykje som er inspirerande i jobbkvardagen, som det å kunne hjelpe pasientane og deira pårørande som er i ei akutt krise. Vi kan utgjere ein skilnad.

At arbeidet er lite rutineprega er også noko som Sveinung set høgt.

– Det er svært givande å løyse ulike oppdrag i ulike miljø, der ein ofte må tenkje litt "utanfor boksen" for å kome i mål. Det er også godt å vite at ein er i eit arbeidsmiljø med høg kompetanse.

Naudnett – sikrar betre pasientbehandling i ambulanse og ved mottak

Før hadde naudetatane eige samband, og ein kunne berre kommunisere internt i sin eigen etat. Men med naudnett får ein betre moglegheit for samhandling med andre naudetatar, og det legg til rette for betre forhold for ambulansetenesta det gjeld å sikre pasientbehandling.

– Naudnett blir brukt i AMK, og i tillegg har vi fått anna teknologi som gir moglegheit for videooverføring med innringarar til 113.  Då får innringer tilsendt ei lenke på sms som dei bruker for å vise oss situasjonen på åstaden. Dette gir ei betre situasjonsforståing, og ein kan gi meir korrekte råd og rett hjelp. Eg har erfart at dette truleg har vore med å redde livet til pasientar.

Mann står foran ambulanse
– Det nye systemet fører til auka tryggleik både for personell og pasient. Før var all journalføring på papir, noko som auka sjansen for misforståing.

Humpete vegar og journalføring på papir

Når dei er på veg i ambulansen, kan dei sikre best mogleg behandling av pasienten via elektronisk pasientjournal. Pasientdata, som EKG og annan behandling, kan førast automatisk frå medisintekniske apparat og inn i journalen.

– Det nye systemet fører til auka tryggleik både for personell og pasient. Før var all journalføring på papir, noko som auka sjansen for misforståing. Med like mange handskrifter som tilsette, og føring under transport på humpete vegar, så seier det seg kanskje sjølv at det til tider kunne vere vanskeleg å føre ein god og forståeleg journal.

Sist oppdatert 23.08.2023