Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest IKT
Kvinne sitter foran sykeseng

Akuttmottaket – Arbeid under press krev smarte løysingar

- Den nye løysinga for mottaket var ein stor omvelting, og me var veldig spente på om teknologien ville halde, seier Julie Ovidia Trøan, assisterende einingsleiar på akuttmottaket på Haukeland Universitetssjukehus. Ho erfarer eit auka press på akuttmottaket, og trur teknologien vil bli ein viktig faktor for å kunne halde fram å drive trygt mot ei pasientbølgje som allereie er på veg.

 Julie kom til Bergen i 2016 som nyutdanna sjukepleiar. Sju år seinare er ho assisterande einingsleiar, og kan sjå fram til at teknologien kan støtta ein stadig meir krevjande kvardag. Vegen dit har vore bratt, men naudsynt. 
 
I 2022 tok dei imot heile 44 000 pasientar - eit gjennomsnitt på rundt 128 pasientar i døgnet, tre år før estimert tidspunkt. Det er pasientgruppa i alderen 25 til 40 som har hatt den største auka, og typen skade på innkomne pasientar avhenger mykje av årstida.  


To behandlere står bøyd over pasient i sykeseng
- Sommaren er jo høgsesong for drukningsulukker og motorsykkelulukker. Og ein periode var det mykje relatert til sparkesyklar, seier Julie. 

Pasientinnsyn og logistikk bidreg til tryggare behandling og ressursutnytting 

Takka vere ny teknologi, blir dei tilsette ved akuttmottaket no varsla om innkomst av pasientar gjennom automatiske meldingar.  

 -Før måtte me fysisk gå inn i ein journal og lese, men no har me program som på ein måte hentar ut den informasjonen utan at me må inn i sjølve journalen. Den neste utfordringa er plassering av pasientane.

Kvinne sitter foran skjerm
Julie sjekkar kapasiteten på akuttmottaket.


-Det er veldig mange som skal gjennom oss, og vidare til  sjukehuset eller heim att. Så ei oversikt over logistikk kan bidra til at ein raskare får sendt dei vidare til dømes avdeling for kardiologi. 
 
Samarbeidet med utviklarane og resten av teamet i Helse Vest går som smurt, i følgje Julie.  
-Det me melder inn av feil blir teke på alvor og undersøkt, og blir retta opp i – anten med ein gong, eller som del av ein oppdatert versjon. Gjennom samhandling mellom oss klinikarar og Helse Vest IKT kan vi sjå kva som manglar i dag og som må løysast framover 


Akuttmottak samarbeider nasjonalt: Digitalisering tvinger fram nye arbeidsrutinar

Det blir samarbeida nasjonalt for ei felles digital satsing og felles rutinar. 

-Me er avhengige av å dra nytte av informasjon, og det er klart at det er kjekt at me på tvers av heile Noreg kan sitja saman og diskutera.  Me ser jo kor ulikt me gjer det i dag på akuttmottaka. Me får jo dei same pasientkategoriane og skal behandla dei på same måte. Men alt som er rigga rundt det, kan kanskje endra seg i framtida, og ein får felles, meir standardiserte rutiner. 


Ulik takt: Erfaring byggjer tryggleik og nye forventningar

Erfaringsmessig er det ein del skepsis  knyte til overgangen til digitale løysingar. Julie meiner det ofte handlar om manglande erfaring og frykt for det ukjente.  Men  gjennom erfaring skapast ein ny plattform for tryggleik, -  når ein opplever fordelane med dei digitale systema.

-Eit akuttmottak er på ein måte rigga i sine rutinar, og me har kanskje ikkje vore så positive til å endra på systema våre tidlegare, for alt handlar jo om tryggleik. Mange var svært imot å gå over til digitale løysingar for både kurver og dokumentasjon. Men om nokon no skulle ta det frå oss, trur eg dei fleste ville protestert. 

Sist oppdatert 24.08.2023