Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest IKT
Portrett av Tove Furnes Dyrdal.

– Kritisk viktig med god kontroll på legemiddelbruken

Helse Vest IKT har ansvaret for mange kliniske IT-system som sjukehusa er avhengige av for å kunne gi god pasientbehandling. Blant desse finn du MEONA, systemet som nyttast for å dokumentere legemidlar og andre vitale data om pasienten.

– Vi veit at helsepersonell har dårleg tid. Om vi kan legge til rette for at dei kan jobbe så enkelt og korrekt som mogleg i systema, så gir det større pasienttryggleik, seier Tove Furnes Dyrdal.

Ho jobbar i seksjonen Legemiddel og kurve i Helse Vest IKT. Her sit dei med ansvaret for at MEONA fungerer optimalt ute i sjukehusa. 

MEONA er Helse Vest si elektroniske kurve. Her ligg alle ferskvaredata om kva legemiddel pasienten står på ved innlegging, kva endringar som blir gjort under sjukehusopphaldet, og kva legemiddel pasienten står på ved utskriving frå sjukehuset. Det er også her helsepersonell dokumenterer kven som har ordinert legemidla, og kven som har delt dei ut. Slik har ein kontroll og dokumentasjon på at pasienten får det dei skal ha.

– Det er kritisk viktig at desse opplysningane er lett tilgjengeleg og korrekte, elles kan det skje alvorlege feil, seier Dyrdal.

Sparar mykje tid

I MEONA finn ein òg oversikt over pasienten sine vitale data, slik som blodtrykk, puls og temperatur. Ved spesialavdelingar som intensiv, har ein òg automatisk datafangst til kurva frå medisinsk utstyr som overvakingsmonitorar, respiratorar og ulike pumper. Dette gjer at helsepersonell sparar mykje tid.

– Helse Vest er komne lengst i landet med å ha ei gjennomgåande elektronisk kurve som følger pasienten gjennom heile opphaldet på sjukehuset. Når en pasient går frå ein sengepost til ein annan, til dømes frå akuttmottak til intensiv, så følger kurva pasienten. Slik kan nye sjukepleiarar og legar raskt sjå kva situasjonen er for ein pasient, seier Dyrdal.

Om ein snakkar for teknisk, kan det fort gå i svart
Tove Furnes Dyrdal

Seksjonen hennar jobbar kontinuerleg med å utvikle systemet og fase inn ny funksjonalitet. Ein viktig del av arbeidet deira handlar om å hente inn erfaringar og forbetringsforslag frå helsepersonell. Slik kan ein gi betre opplæring og optimalisere systemet for praktisk bruk. Då er det òg ein fordel at mange av dei som arbeidar i seksjonen har bakgrunn som helsepersonell. Dyrdal er sjølv intensivsjukepleiar i botn.

– I mi rolle er det ein fordel med helsefagleg bakgrunn, ettersom mykje av jobben handlar om å møte brukarane, og prøve å forstå deira utfordringar og behov i arbeidskvardagen. Om ein snakkar eit teknisk språk, kan det fort gå i svart for brukarane, seier Dyrdal.

Dyrdal er glad for å kunne spele ei rolle i arbeidet med å skape betre og tryggare helsetenester.

– Det vil komme heile det norske samfunnet til gode dersom vi kan sørge for gode brukarvennlege IKT-system i helsesektoren, og at helsepersonell har god kunnskap og kompetanse til å handtere desse. Det er ein livsviktig, motiverande og veldig kjekk jobb.

Portrett av June Indrevær, Tove Furnes Dyrdal og Silje Knudtsen.
Fra venstre: June Indrevær, Tove Furnes Dyrdal og Silje Knudtsen jobber alle med MEONA i Helse Vest IKT.
Sist oppdatert 18.09.2023