logo Helse Vest IKT
En mann med briller

Helsetenester inn i framtida

Om Helse Vest IKT

Helse Vest IKT er totalleverandør av IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Vi er ein del av ei banebrytande bransje som går ei spanande tid i møte. Ved bruk av teknologi skal vi forbetre helse- og omsorgstenesta i regionen vår.

Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv.

Vi deltek òg aktivt i nasjonalt arbeid innanfor IKT i helsesektoren. Helse Vest IKT er eit aksjeselskap som er 100 % eigd av Helse Vest RHF. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, og fleire private helsetenesteleverandørar i regionen.

- Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar.
Ole Jørgen Kirkeluten, administrerande direktør, Helse Vest IKT

Ansvaret ligg til både å skulle tilby nye tenester, og ivareta drift av eit stort antal tenester. 25 000 kollegaer og mange tusen pasientar er avhengige av at vi leverer og drifter system heile døgnet, heile året.

Arbeidet strekk seg over fleire fagområde:

  • Strategisk IKT: Arkitektur og løysingsdesign, designdriven innovasjon
  • Verksemdsutvikling: Integrasjon, utvikling, testsenter, prosjektleiing, teknisk prosjektleiing.
  • Tenesteutvikling: Journalsystem, kliniske system, administrative system.
  • Tenesteproduksjon: Applikasjonsdrift, klientdrift, server og lagring.

Stabsfunksjonar innan økonomi, administrasjon, kommunikasjon og HR skal sjå til at alle tilsette er ivaretatt i kvardagen.

Helse Vest IKT blei oppretta i 2004, og i 2023 arbeider 715 på våre kontor plassert frå Førde til Bergen, til Haugesund og Stavanger. Vi har òg mindre avdelingskontor på Voss, Odda, og Stord.

Sist oppdatert 11.03.2022