Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest IKT

Kryssar målstreken etter 15 år: Unilab på plass i Helse Vest 

 -Vi har no eit felles lab-system for alle føretak i Helse Vest, Haraldsplass og Betanien. Prosjektet starta i 2009, då med oppstart i Bergen. Måndag 26. februar er siste familiemedlemet frå Helse Fonna på plass, fortel prosjektleiar Tone Bjerregård frå Helse Vest.  

Publisert 28.02.2024
Sist oppdatert 18.03.2024
En kvinne står i gangen med grått hår og beige skjorte

Tone Bjerregård har vore prosjektleiar for innføring av Unilab i Helse Vest 

Unilab er eit fleksibelt system som gir støtte til arbeidsprosessar, og oversikt over prøvesvaret til pasienten.  

  -Det held styr på bestillingar av prøver og prøvetakingar, og gjer det sporbart kvar i prosessen prøva er til ei kvar tid, kan prosjektleiar Tone Bjerregård fortelje.  

Kviner med halvlangt mørkt hår smiler til kamera
Randi Monsen Nygaard

Randi Monsen Nygaard, sjefsbioingeniør på Mikrobiologisk avdeling ved Laboratorieklinikken på Haukeland, kan stadfeste at lab-kvardagen har vorte enklare. Dei var dei første som tok i bruk Unilab for 15 år sidan.  

Sidan då har Unilab komme på plass i Førde, Nordfjordeid, Lærdal, Betanien, Stavanger og Haraldsplass, og no Haugesund, Odda og Stord. Totalt sett handterer det no over 30 millionar pasientprøver i regionen i året.   

- Unilab er eit av våre aller viktigaste arbeidsreiskapar. Der blir alle prøvene vi analyserer registrerte. Dei fleste prøvene blir bestilte elektronisk i journalsystem på sjukehus eller legekontor, og informasjonen om prøva blir send elektronisk til Unilab.    

1,6 millionar analysar i året  

Randi Monsen Nygaard er sjefsbioingeniør på Mikrobiologisk avdeling, Haukeland. 

Ved Mikrobiologisk avdeling blir pasientprøver frå primærhelsetenesta og inneliggande pasientar på sjukehuset analysert. Ettersom dei utfører over 1,6 millionar analysar i året, er dei avhengige av eit system der informasjon om prøver og resultat blir godt handterte.     

-Vi ser etter patogene virus, bakteriar, sopp og parasittar, og dessutan etter antistoff som kroppen dannar etter kontakt med mikroorganismane. Analyserepertoaret blir stadig utvida, og nye teknologiar og instrument blir tekne i bruk, fortel Randi Monsen Nygaard.    

 Skanning og tovegs kommunikasjon i Unilab  

 Prøvene blir skanna ved framkomst. 

Hånd som holder i en blodprøve og scanner den
Scanning gir sporbarhet

 -Vi mottaksregistrerer prøva ved å skanne ein strekkode. Då får vi informasjon om prøvemateriale og klinisk problemstilling, noko som er viktig når vi skal vurdere funna i prøva. Dei fleste analyseinstrumenta våre har tovegs kommunikasjon i Unilab, slik at vi får både god sporbarheit på gangen til prøva gjennom laboratoriet og sikker overføring av data.     

Når analyseresultata er klare blir desse sendt til Unilab, der dei blir vurderte av bioingeniør eller lege før dei blir sendt til journalen til pasienten.     

Fordelar: Sporbarheit og forbetringsmoglegheiter  

Fordelen med Unilab er gode sporbarheita og moglegheita til å overvake, og dermed forbetre, prosessar i laboratoriet.     

-Vi har oversikt over når ei prøve blir motteken, kven som får ho, kven som analyserer ho, kva analyseinstrument som blir nytta og kven som godkjenner svaret. I tillegg til god analysekvalitet er vi opptekne av svartider, og Unilab gir oss høve til å få oversikt over tida som blir nytta på dei ulike trinna i analyseprosessen, noko som opnar opp for eventuelle forbetringstiltak.      

Eitt og same system: Registrering berre ein gong – same kvar   

Ung kvinne med lyst, oppsatt år og lab frakk
Amanda Drabløs

Amanda Drabløs, bioingeniør ved Mikrobiologisk avdeling på Haukeland, er godt nøgd med Unilab-løysinga. Med det nye systemet blir prøver registrert berre ein gong. Det gjeld altså både frå prøva blir bestilt, til ho blir aktivert og teken, til den blir sendt til eit anna laboratorium. Den vil ha same kode og namn heile vegen, òg på utsida av Unilab-familien i Helse Vest.    

-Felles system gir betre tilgang til opplysningar og ein treng ikkje registrere prøver på nytt om ein skal analysere for eit anna laboratorium. Det gjer det òg lettare om ein skal gi opplæring dersom ein flyttar mellom laboratorium i Helse Vest, fortel prosjektleiar Tone.    

Kompetansedeling på tvers av faggrupper  

Gevinstane av prosjektet har vore fleire, òg utover målet med ei felles lab-løysing.  

-Regionale faggrupper deler no arbeidsflater og oppgåver som vi tidlegare gjorde kvar for oss. Det er mindre sårbart med fleire som har kompetanse på systemet og kan avhjelpe kvarandre. Vi utviklar no ein eigen app for å melde inn endringar og nye masterdata. Dette gjer vi for å kunne dokumentere, prioritere og endre på ein god måte.    

Randi Monsen Nygaard kan stadfeste verdien av godt samarbeid: - For oss er det veldig bra at alle i Helse Vest no brukar same system. Eit felles system er ein fordel når vi har prøver som blir delvis analyserte ved eit laboratorium og så blir sende vidare for ytterlegare analysar, både til dagleg og i ein beredskapssamanheng. Unilab held greie på kva som allereie er gjort, slik at det ikkje blir gjort dobbelt.    

Nasjonal draum   

Randi og teamet hennar på Haukeland har fleire planar og visjonar for framtida.  

 - Det er viktig for oss å få innført elektronisk rekvirering hos dei som enno ikkje har dette på plass, både med tanke på pasienttryggleik og ressursbruk. Og så drøymer vi om ei digital løysing som gjer det mogleg å dele større datamengder mellom laboratoria i Noreg, som til dømes DNA-sekvensar frå mikrobar. 

En person i grønn jakke på lab med kollegaer i bakgrunnen
Amanda Drabløs med kollegaer på Mikrobilogogisk avdeling på Haukeand Universitetssjukehus