Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest IKT

Test dine testferdigheiter

Vi er alle på ein eller anna måte påverka av omgrepet "test" i den elektroniske kvardagen. Helse Vest IKT har derfor utvikla ein e-læringsmodul der alle kan få grunnleggande kunnskap om testing, og no er den éin av fire IT-kurs på difi.no.

Publisert 01.11.2018
Sist oppdatert 25.09.2020
Tekst

«Testskolen» gjer det mogleg å skulere seg sjølv - der du er, og når det passer - for å betre forstå testprosessane som ligg bak programvareløysingane du nyttar i kvardagen.
- Det er ein stor fordel for oss som organiserer testgruppene, at testarane våre er best mogleg førebudd, kan Dagny Pedersen frå Test og Innføring fortelje. Ho får eit vell av menneske frå ulike yrkesgrupper inn, for å teste ut programvare for deira eigne arbeidsplassar. Jo meir dei kan om testing, jo betre.

Ta kurset her, og sjå om du veit kva som skal til

Gjekk viralt

- Vi la fram kurset Nasjonalt samarbeidsforum for test i Helse-IKT, og det vart kjapt adoptert av dei andre helseregionane. No er vi på DIFI, og det er ganske stort.
Pedersen trur nøkkelen er at kurset er universelt nok til å passe i alle bransjar, ikkje berre helsesektoren. For Helse Vest IKT sin del er Testskolen òg ein viktig bit i puslespelet for å få heve kunna og forståinga av test-delen i organisasjonen.

Les meir om NASTHI-forumet her

- Målet er jo at alle nytilsette skal gjennom kurset som ein del av opplæringa. Alle klasseromskursa våre har vore «utselde», og tek mykje tid å organisere. No kan vi i Test og innføring fokusere på å få fat i rette fagfolka, i staden for å bruke tid på å lære dei opp.

Læringsplattformen og DIFI

DIFI, eller Direktoratet for forvaltning og ikt, har utvikla Læringsplattformen, som ein stad der alle statlege verksemder kan dele si digitale opplæring med kvarandre. Portalen er open for alle, ikkje berre statleg tilsette, med registrering og innlogging. Slik kan kven som helst gå inn og ta kursa, og byggje seg ein kursporteføje.
Det å kome på DIFI er eit smalt nålauga å kome gjennom, og ikkje minst eit stort kvalitetsstempel for dei som har utarbeida skulen.
- Eg er veldig stolt av test-gjengen og det dei får til, skyt seksjonsleiar for Test og innføring, Pål Gaute Sætre inn. Det at Testskolen er eitt av berre fire godkjende Digitalisering og IKT-kurs på difi.no seier jo sitt.