Samarbeider med Høgskulen om framtidas helse-IT
Helse Vest IKT og Høgskulen i Bergen har starta eit fagmiljø for IT-helse i Bergen. Med auka satsing på feltet og forskingsmillionar i ryggen håpar dei miljøet vil vekse i åra framover.

IT innan helse er eit område i sterk vekst i Helse Vest. Gjennom digitalisering og betre system skal helsepersonell få meir tid til overs til å handsame fleire pasientar. For å bistå denne aukande satsinga har Høgskulen i Bergen og Helse Vest IKT starta eit samarbeid. Dei ønskjer å lage eit større miljø for samarbeid mellom næringslivet, sjukehuset og utdanningsinstitusjonane.
Høgskulen i Bergen og Helse Vest IKT begynte så smått å samarbeide for to til tre år sidan. Den gong var det ikkje noko miljø for dette i Bergen.
- Vi såg at dei hadde bygd opp slike miljø i andre byar, så då tenkte vi at her er det moglegheiter for Høgskulen i Bergen å ta ein posisjon i Bergen, seier Lamo.
Gjennom samarbeidet har studentane så langt fått ta del i praktiske problemstillingar knytt til reelle utfordringar i helsevesenet.
- Studentane får arbeide med problemstillingar som dei sjølv tykkjer er meiningsfulle. I staden for å dei jobbar med fiktive problemstillingar, skjønar dei at arbeide deira har ein verdi. Dette er eit samarbeid som er fruktbart for begge partar, fortel innovatør i Helse Vest IKT, Yngvar Skar.
Han meiner det er viktig at ein har eit lokalt miljø der ein jobbar med desse problemstillingane.
- Dersom ein skal gjere noko av verdi for eit akuttmottak i Helse Vest kan ein ikkje kalle inn til workshop i Oslo. Då må ein vere til stades der folka er og ha dialog med dei, seier han.
Tøyer grensa
- Ved Høgskulen i Bergen har eg møtt ein pragmatisk og usnobbete haldning. Dei har ein vilje til å satse på anvendt forsking, noko som passar bra for oss i Helse Vest IKT, fortel han.
Han får støtte frå Yngve Lamo ved HiB, som seier at begge partane ønskjer trekkje grensa for kva som er mogleg å få til.
- Vi forstår rollane til kvarandre. Helse Vest IKT skal levere daglege tenester til sjukehusa, men går også saman med oss om å utforske ting og trekkje grensa litt. Helse Vest IKT er med på å prøve ut litt nye ting, og det er ein av grunnane til at dei er interessante å samarbeide med, seier han.
48 millionar til helse-IT-prosjekt
I slutten av april fekk Helse Bergen 48 millionar i støtte til prosjektet deira, «Intromat». Gjennom dette prosjektet skal ein utvikle digitale løysingar for førebygging, handsaming og oppfølging av mentale lidingar. Her vil samarbeidet med HiB bli viktig.
- Vi skal ha to stipendiatar med i Intromat-prosjektet. I tillegg skal det vere med rettleiarar, forskarar og to stipendiatar frå UiB. Dette prosjektet viser at vi kan ha både utdanning og forsking i same kanal, fortel HiB-professoren.
Han trur prosjektet vil bidra til at helse-IT-miljøet i Bergen blir endå sterkare.
- Vi skal jobbe med prosjektet i fem og eit halvt år, så då får vi styrkt miljøet. Det handlar om å få ein dynamikk mellom sjukehuset, næringslivet og utdanningsinstitusjonane. Vi må spele på lag og gjere kvarandre gode.
Han har tru på at prosjektet vil bidra til nye arbeidsplassar i regionen.
- Når ein får slike store prosjekt så hjelper det på veg. Eg ser eit stort potensial for verdiskaping og nye arbeidsplassar, seier Lamo.
Fekk godkjent IKT-doktorgrad
I 2008 vedtok Høgskulen i Bergen ein strategi der målsetjinga var å byggje opp organisasjonen, slik at ein kunne søkje om universitet-status. Dersom dei skal nå det målet må HiB ha fire PhD-programmar og drive med eiga forsking. I vår søkte HiB om å få etablert eit doktorgradprogram innan IKT, og i sommar kom akkrediteringa frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT). Dermed kan HiB snart
Doktorgradsstudie har fått namnet "Computer Science: Software Engineering, Sensor Networks and Engineering". Ifølgje Lamo vil helse vere eit viktig område i dette nye doktorgradsstudiet.
- Det ligg ein del bruksområde i søknaden, der helse er eitt av dei. Prosjekta som vi har med Helse Vest IKT vil vere veldig aktuelle i dette doktorgradstudiet.
Helse Vest IKT var i søknaden oppgitt som ei sentral referansebedrift, og som ei potensiell arvtakarbedrift.