logo Helse Vest IKT

Robotane kjem, i full fart

Bruk av robotar i helsevesenet skal frigjere fleire hender til pasientbehandling. Helse Vest er, som første helseregion i Noreg, i full gang med robotisering av prosessar i sjukehusa.

Publisert 22.06.2018
Sist oppdatert 15.09.2020
En kvinne som smiler til kameraet

I november i fjor lanserte Helse Vest IKT roboten, «Robbie Vest». Den kan hurtig automatisere manuelle, tidkrevjande og repeterande prosessar som normalt sett utførast av menneske. Så langt i 2018 har Robbie spart inn 2500 arbeidstimar i Helse Vest på denne måten.  

- Dette handlar ikkje om å kutte årsverk, men om å heve kvaliteten og ta unna meir enn kva ein elles hadde hatt høve til å gjere. Veldig ofte jobbar robotane om natta. Då kan helsepersonell fokusere meir på meiningsfylte oppgåver når dei kjem på jobb om morgonen, seier prosjektleiar Celie Løvslett i Helse Vest IKT.

Først i Noreg

Robotane bruker programvaren på same måte som eit menneske. Det kan til dømes vere klipp og lim, nedtrekksmenyar, dobbeltklikking og hurtigtastar. Det gjør at det ikkje trengs nokre integrasjonar. Roboten må berre bli gitt tilgang til systema, på lik linje med ein vanleg medarbeidar.

- Nokon ser kanskje for seg ein fysisk robot som fyk rundt i gangane, men det er jo berre programvare det er snakk om. Vi har fem robotlisensar, der tre av desse er oppe og går. Dei handterer 12-13 ulike prosessar. I løpet 2018 er det venta at desse robotane vil spare inn totalt 11 000 arbeidstimar for helsepersonell, seier Celie.

Ho trur potensialet til teknologien vil få vist seg godt fram i åra som kjem.

- Globalt sett er marknaden for RPA venta å vere på 1,2 milliardar USD i 2021. Teknolgien beveger seg i retning av kunstig intelligens og maskinlæring, noko som vil gje eit enda større nedslagsfelt og moglegheitsrom for leveransane, spår Celie.

Suksesshistoria

At robotiseringa gir resultat er synleg i sjukehusa og gjer at førespurnadane no i større grad kjem frå klinisk helsepersonell.

- Det å vite at ein er med på å hjelpe sjukepleiarar og legar er ekstra gøy. Då får dei meir tid til pasientane sine, seier Løvslett.

Til dømes har Robbie Vest tatt over registreringa av fødselsvekta i journalsystemet DIPS. Noko som sparar helsesekretærer for mykje arbeid.

- Natt til 20 juni var det travelt på fødestovene på Vestlandet når femten barn kom til verda.  Heldigvis var Robbie Vest på jobb og sørgja for at dei nye vestlendingane blei registrert med rett fødselsvekt i DIPS, fortel Celie.

Nasjonal og internasjonal merksemd

Robotiseringa i Helse Vest har fått merksemd i Helse-Noreg. Både dei andre helseregionane, Helsedirektoratet og sjukehus i utlandet og har vist interesse. I tillegg er robotsatsinga til Helse Vest nominert til årets digitale suksesshistorie hos Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi).