Personvern og medisinsk utstyr
Oktober er nasjonal tryggleiksmånad og Tekprat handla derfor om tryggleik og personvern knytt til medisinsk utstyr med internett-tilgang («The internet of medical things»).
Se arrangementet i opptak:
For å gje pasientane betre oppfølging og ein friare kvardag blir ny teknologi teke imot med stor entusiasme. Ins ulinpumper, pacemakerar, høyreapparat, dialysemaskiner, VR-briller og meir. Mykje av utstyret har ein tilhøyrande mobil-app som kommuniserer via internett. Utviklarane har stor fokus på dei medisinske moglegheitene og litt mindre fokus på (eller kunnskap om) tryggleik og personvern. Samstundes slit lovgivinga med å halde tritt med dei medisinske framstega.
Me er så heldige å ha med oss Marie G. Moe (Mandiant/NTNU) som tidlegare har forska på teknisk tryggleik i medisinsk utstyr. Arrangementet blir avrunda med ein paneldebatt der Øystein Kloster frå seksjon for behandlingshjelpemiddel ved Stavanger Universitetssjukehus fortel litt om moglegheiter og utfordringar dei møter med slikt utstyr. Christer Kleppe, personvernombod i Helse Bergen, bidreg med personvernperspektivet. Debattleiar er Randi Gjerde, risiko- og kvalitetsleiar i Helse vest IKT.