Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest IKT

PCane får nytt liv etter døden

Kvart år byter Helse Vest ut om lag fire tusen PCar. Men ikkje alle går i bosset. Fleire PCar får eit nytt liv etter døden.

Publisert 17.04.2018
Sist oppdatert 14.04.2020
En mann som bruker en bærbar datamaskin

Helse Vest IKT forvalter heile maskinparken i Helse Vest. Til saman blir det om lag 22 000 datamaskinar. Men for at føretaka ikkje skal slite med trege PCar og for at maskinparken skal takle dei oppdateringane som kjem i dei ulike IT-systema, må deler av denne maskinparken bytast ut kvart år.

- Når vi byter ut ein PC er det ein ny maskin som setjast inn. Vi har ein avtale som seier at ein PC bytast i sitt femte leveår. Då går garantien til PCen ut, fortel assisterande seksjonsleiar for Klientdrift, Tord Hovland.

Han utdyper at garantitiden har blitt auka frå tre til fire år for å kunne halde kvar PC lenger og ikkje kaste så mykje.

- Når PCen har blitt gamal nok drar vi ut for å byte den. Då tek vi gjerne heile avdelingar om gongen. Men sjølv om regelen er at maskinen bytast i det femte leveåret, går ein ofte til det sjette, og i nokre tilfelle til det sjuande leveåret, fortel Tord.  

Eit liv etter døden

I 2016 blei om lag 4000 PCar byta. Men langt ifrå alle hamna på skraphaugen. Dei fleste fekk eit nytt liv etter døden.

- Dei PCane som vi tek ut av drift vurderast kvar for seg. I nokre tilfelle er dei gode nok til å setjast inn ein annan plass i føretaket. Dei andre maskinane som er for gamal går inn i desse skapa, seier Tord og viser eit stort metallskap med ein Atea-logo på sida.

Returordningsavtalen med Atea sikrar at datamaskinane blir gjenbrukt i så stor grad som mogleg.

- Når desse skapa er fulle blir dei sendt til eit mottak hjå Atea, kor dei går gjennom utstyret og køyrar sikkerheitssletting av diskane. Det utstyret som har verdi får vi tilbake i pant. Det kan vere at minnebrikkene til dømes er brukande. Då får vi kanskje ein hundrelapp for kvar minnebrikke, fortel Tord.

Utstyret som Atea får bruk for blir selt vidare til andre kundar som ikkje stiller like høge krav til maskinvaren. Restane blir resirkulert på vanleg vis.  

- I tillegg har vi ein avtale med Helse Bergen om at alt utstyret utan lagringseining går til miljøhallen deira, fortel Tord og peikar opp mot Ulriken.

- Der blir avfallet resirkulert, slik at ein drar ut merverdien av utstyret som ikkje kan brukast lenger. I dei andre føretaka har vi tilsvarande løysingar for resirkulering av avfall, fortel han.

Tord (t.v.) og Jørn har den meste av dialogen med Atea, og er ansvarleg for at resirkuleringsordninga går som den skal.

Tord (t.v.) og Jørn har den meste av dialogen med Atea, og er ansvarleg for at resirkuleringsordninga går som den skal.

Afrika-samarbeid

Men det er ikkje alt som blir tatt frå kvarandre og resirkulert som deler. I Helse Bergen har dei òg eit par samarbeidssjukehus i Afrika som dei sender utstyr til.

- Helse Bergen har ein avtale som går ut på at dei leverer femti PCar til internasjonalt samarbeid kvart år. Vi har sagt at vi kan levere mykje meir, men vi vil gjerne vere sikre på at dei som får desse maskinane har kapasiteten til å ta imot dei. Dersom dei ikkje har kapasiteten blir det berre som at vi sender avfall ned dit. Og det vil vi ikkje, seier Tord og utdyper at ein òg jobbar med å få til noko liknande i Helse Stavanger.

For at sjukehusa i Afrika skal kunne bruke mest mogleg av utstyret som sendast nedover har ein valt å standardisere på at ein kunn sender ein type maskin.

- På den måten kan dei byte deler internt dersom noko skulle ryke, forklarar Tord.

Som ein del i dette samarbeidet forsøkjer Helse Bergen og Helse Vest IKT også å hjelpe med teknisk opplæring av helsepersonell på desse samarbeidssjukehusa i Afrika.

- Sjukehusa har IKT-personell, men utfordringa er at desse ikkje har IKT-utdanning. Vi i Helse Vest IKT har sendt folk nedover for å ha opplæring med dei, i tillegg til at Helse Bergen har sendte nokre folk nedover.

Kvart år sendast om lag 50 datamaskinar til Afrika kor dei skal tenestegjere på eit nytt sjukehus. Desse PCaene ventar no på å b

Kvart år sendast om lag 50 datamaskinar til Afrika kor dei skal tenestegjere på eit nytt sjukehus. Desse PCaene ventar no på å bli sendt mange hundre mil sørover.

Utfordrande år i møte

I 2018 begynner utrullinga av det nye operativsystemet, Windows 10 i Helse Vest. Denne oppgraderinga vil krevje mykje innsats frå seksjonen til Tord. Endringa vil ramme heile maskinparken, på om lag 20 000 maskinar, og mange av desse må dessverre bytast ut fordi dei er for gamle til å handtere Windows 10.

- Vi har flytta mykje av budsjettet for 2017 over på 2018 for å ha kapasitet nok til å få unna alt dette. Vi har utsatt ein del utskifting i 2017 ettersom desse maskinane uansett ville blitt tatt i 2018. Det ville berre gitt både oss og kundane dobbel belastning, fortel Tord.

Windows 10-utrullinga begynner i februar 2018 og vil halde fram til godt inn i 2019.

Vil du vite meir om Helse Vest IKTs miljøarbeid? Klikk her for å lese om miljøstyringssystemet vårt.

Ikkje alle PCane i Helse Vest blir kasta. Nokon hamnar òg her i museet i IKT-bygget.

Ikkje alle PCane i Helse Vest blir kasta. Nokon hamnar òg her i museet i IKT-bygget.