Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest IKT

Ny mobilapp for blodprøvetaking bidreg til ein enklare sjukehuskvardag

Helse Vest IKT har utvikla ein heilt ny mobilapp som blir nytta i sjukehusa ved blodprøvetaking. Appen skal både bidra til å redusere tidsbruk hos helsepersonell og auke pasientsikkerheita.

Maria Gabriela Fehr Johansen
Publisert 14.03.2024
Hender som bruker en app på en telefon.

– På sikt trur eg appen vil spare tid i arbeidskvardagen, og ikkje minst at den vil føre til sikrare identifisering av pasienten, meiner helsesekretær Anita van Steenis på Gastromedisinsk sengepost ved Medisinsk klinikk i Helse Bergen.  

Før den nye blodprøveappen til Helse Vest IKT vart teken i bruk, måtte sengepostane på Medisinsk klinikk registrere kvar blodprøve manuelt på slutten av kvar runde. 
 
Men å drive med manuelle registreringar på denne måten, var verken trygt eller effektivt. Ofte var nemleg både namn på prøvetakar og tidspunkt for blodprøven feil, og helsepersonell måtte bruke tid på å korrigere dette. 
 
– Vi ønskte å lettare kunne kople prøvetakar til prøvene som vart tekne, og betre kunne sikre dokumentasjonen av prøvetakinga, seier helsesekretæren vidare.  

Sparar tid og gir sikrare identifisering 

Noko måtte gjerast, både for at pasientane skulle kunne identifiserast og blodprøvene registrerast på ein trygg og sikker måte, men òg for at desse dataa enkelt og trygt skulle kunne overførast til Unilab og pasientjournalsystemet DIPS.  

Utviklarane i Helse Vest IKT tok utfordringa, og i2022 byrja dei å utvikle ei løysing for sjukehusa i samarbeid med laboratoriemiljøet og sengepostar i Helse Stavanger. Resultatet var ein eigenutvikla app til disposisjon for sjukehusa i Vest. Då Helse Stavanger var komne i gang, meldte Helse Bergen òg si interesse. 
 
Appen kan nyttast til å enkelt identifisere pasienten ved å skanne QR-koden på pasientarmbandet , for så å skanne dei merka blodprøveglasa etter at blodprøva er teken. Til slutt kan ein sende rekvisisjonen til laboratoriet via appen.  

– No slepp vi å registrere alle prøvene manuelt på slutten av runden. Oppgåva vert i staden gjort fortløpande når ein sit med ein pasient. Dette sparar oss for tid, seier Anita, som har teke i bruk den nye appen for litt over ein månad sidan. 

En person iført hvit frakk og briller
Helsesekretær ved Medisinsk klinikk, Anita van Steenis, er nøgd med den nye blodprøveappen som sparer ho for tid, men òg hindrar ho i å gjere feil.

 

Behov for eit digitalt støtteverktøy for helsesekretærane 

Tidlegare var det oftast bioingeniørar som tok blodprøver på sjukehusa. I Helse Stavanger har ein arbeidd med å få helsesekretærar på kvar post til å ta blodprøvene, framfor laboratoriepersonell som gjekk rundt på ulike postar og klinikkar.  

– Vi hadde behov for eit digitalt støtteverktøy til helsesekretærane som kunne gi oss korrekt klokkeslett og prøvetakar. Med den nye appen får ein dobbeltsjekka ID og unngår derfor store feil som at det er feil etikett på feil pasient, fortel Lene Mikkelsen, avdelingssjef for Medisinsk biokjemi i Helse Stavanger.   

Appen har òg gjort smittesporing enklare. Det einaste ein hadde av dokumentasjon tidlegare, var ringpermar med oversiktar over kven som hadde vore inne hos dei ulike pasientane.  

Dette var det slutt på då den nye appen kom på plass på Akuttmottaket, på sju sengepostar i Helse Stavanger og på postane ved Medisinsk klinikk i Helse Bergen. Manuelle registreringsrutinar for blodprøvetaking er no blitt historie. 

– Eit nyttig verktøy 

Helsesekretæren, Anita, er ein av dei som har fått ei ny rolle som blodprøvetakar. Sjølv om ho ikkje tok blodprøver tidlegare, kan ho sjå at appen har betra rutinane rundt blodprøvetakinga.  

– Eg synest det er eit nyttig verktøy å ha i lomma, fordi eg får kjapp oversikt over pasientane eg har identifisert og blodprøvene som er bestilt i løpet av dei siste tre timane, og så får eg oversikt over pasientane eg har teke blodprøver av i løpet av ein arbeidsdag.  

Ho gler seg likevel veldig til analyseoversikta òg kjem inn i appen. 
 
– Når den kjem slepp eg å gå ut av rommet eller ut av telefonen, men finn alt eg treng i appen på telefonen. Så det gler eg meg til!