Kunstig intelligens som teneste: Viktig bidrag til trygg pasientbehandling
– Vi vil hjelpe føretaka å utnytte heile innovasjonspotensialet av kunstig intelligens. Det skal vere lett for føretaka å byrje med KI-arbeid. Vi trur det kan bli viktig og nyttig i pasientbehandlinga, i pasienttryggingsarbeidet og i administrativt arbeid for føretaka, fortel Christian Autenried, leiar for den nye satsinga i HV IKT.
Christian Autenried, PhD og leiar Team Kunstig Intelligens er, saman med dataanalytikar Johanna Jøsang, klare for å hjelpe sjukehusa med KI-løysingar.
Men før vi går vidare og får høyre om tilbodet: Kva er kunstig intelligens eller KI? Johanna og Christian bidreg med innsikta si.
Kunstig intelligens: Gjenskaping av ei kognitiv ferdigheit hos mennesket
-Definisjonen av KI er vanskeleg, ettersom det omfattar så mykje, men eg likar å tenkje på det som ei gjenskaping av ei kognitiv ferdigheit hos mennesket. KI løyser altså oppgåver som typisk krev menneskeleg intelligens, fortel Johanna.
Christian supplerer:
-Kunstig intelligens er ein teknologi som lèt maskiner gjere ting som vanlegvis berre menneske kan. KI lærer seg vanlegvis kunnskap via analyse av store datamengder. Døme på KI-kunnskap er å forstå tekst, kjenne igjen objekt i bilete eller finne mønster i store komplekse datasett.
Skal identifisere pasientar med hjerneslag
Christian tok initiativet saman med Kristin Farestvedt, avdelingsleiar i Strategisk IKT, og Magnhild Viste, ny seksjonsleiar for Utvikling. Interessa for denne nye satsinga har auka betrakteleg, særleg dei siste fem åra.
Christian og Johanna er allereie i gang med arbeid i ulike innovasjons- og forskingsprosjekt som Klinisk Norbert (Helse Vest), Assyst Dispatching (Helse Vest IKT), Specbase (Helse Bergen) og AISMEC (Helse Bergen).
- I AISMEC-prosjektet skal KI identifisere pasientar med hjerneslag for 113-operatørar direkte på telefon, medan i Specbase skal KI hjelpe å redusere unødvendige dobbeltprøver ved Hormonlaboratoriet, fortel Christian.
Tilbyr KI-server for eigenutvikling
Helse Vest IKT gir òg føretaka høve til å sjølv kunne utvikle KI-modellar med eige KI-servertilbod. Ein slik server inneheld standard KI-programvarer, som kan handtere sensitive data og har nok reknekraft for dei fleste moderne KI-modellar.
Desse serverane ligg ikkje i skya, men lokalt i Helse Vest sine datasenter og kan spare mange forskingsprosjekt og analysemiljø for dyrt utstyr, og unødvendige anskaffingskostnader.
Ambisjonen: Gjere gode og pålitelege KI-løysingar lett tilgjengeleg for heile Helse Vest
Christian og Johanna erfarer at det både er helsearbeidarar og administrativt tilsette som er interesserte i KI. Dei har gode idear, men manglar anten ressursar eller eit utgangspunkt for å starte eller gjennomføre eit KI-prosjekt. Så no er oppgåva for Johanna og Christian å nå ut for å komme behova i møte, og levere gode, trygge tenester.
- Vi ønskjer å komme ut i føretaka for å auke forståinga av KI, og hjelpe folk å identifisere oppgåver som kan automatiserast eller forbetrast med hjelp av KI. Vi ønskjer å skape auka medvit kring moglegheitene dei har for automatisering og forbetring av oppgåver, men òg sikre at KI blir brukt på ein ansvarleg og trygg måte.