logo

Kåra til nasjonalt førebilete innan teknologi

Kristine Bø tok med seg erfaringane som sjukepleiar over til teknologibedrifta som leverer digitale tenester til sjukehusa i Helse Vest. No er ho kåra til ei av Noregs fremste tech-kvinner for sitt betydelege bidrag til ei digital løysing som gjer diagnostisering av kreft meir effektiv. 

Publisert 08.03.2023
Portrett av Kristine Bø

Kvart år kårar Abelia og ODA-Nettverk Noregs 50 fremste tech-kvinner. Blant 800 nominasjonar er Kristine Bø frå Helse Vest IKT kåra til ein av årets vinnarar. 
  
- Eg er ydmyk og utruleg stolt. Og så takksam for dei som har trudd på meg og gjeve meg moglegheiter undervegs i karrieren, seier Bø.

Ein betre kvardag for sjukehuspersonell

Kristine Bø er utdanna spesialsjukepleiar og har 13 års erfaring frå klinisk arbeid i spesialisthelsetenesta i Helse Stavanger. Sidan 2008 har ho hovudsakleg jobba som prosjektleiar for innføring av nye IKT-løysingar i Helse Vest. 
  
- Med mi erfaring frå klinisk arbeid veit eg korleis kvardagen er ute på klinikken – og då motiverer det særleg at eg får høve til å bidra til at denne kanskje blir noko betre både for tilsette og pasientane våre.

Hudprøvar der det er mistanke om kreft

I Helse Vest IKT har ho jobba med digitale løysingar retta mot sjukepleiarar, leger og administrativt personell. Siste oppdraget var å innføre ein digital løysing for å studere hudprøvar der det er mistanke om kreft. 
  
- Vi er eigentleg mest opptatt av menneska teknologien når ut til, og då mellom anna behova til dei tilsette for å få gjort jobben sin på sjukehuset. Eg har tru på at vi kan bidra til reell utvikling av helsevesenet vårt gjennom blant anna bruk av teknologi, og då er ein helseutdanning saman med teknologiutdanning av stor betydning.

Sjukepleiar i tidsklemma

Valet om å jobbe med teknologi og innovasjon vart i utgangspunktet teke tilfeldig og av praktiske årsaker. 
  
- Som aleinemor vart det utfordrande å få kvardagslogistikken til å gå opp som sjukepleiar. Tilfeldigvis dukka det akkurat då opp ei stilling der eg kunne bruke mi erfaring mot teknologi. Nokon hadde tru på meg og gav meg sjansen rett og slett, seier Bø. 
  
Ole Jørgen Kirkeluten, administrerande direktør i Helse Vest IKT, er glad for anerkjenninga Kristine Bø får gjennom prisen. 
  
- Vi treng fleire kvinner i tech-bransjen. Det er nettopp gjennom ulike perspektiv, erfaringar og tverrfaglegheit at gode team og løysingar blir skapte, seier Ole Jørgen Kirkeluten, administrerande direktør, Helse Vest IKT.

Om kåringa

Kvart år kårar Abelia og ODA-Nettverk Noregs 50 fremste tech-kvinner. Målet med kåringa er å auke delen av kvinner som jobbar i teknologirelaterte yrke i Noreg, ved å synleggjere breidda av inspirerande, kompetente og leiande kvinner som arbeider med teknologi, og inspirere andre kvinner til å ta fatt på ei utdanning og karriere innan teknologi. På kvinnedagen 8. mars blir det markering. I år vil næringsminister Hans Christian Vestre vere til stades.