Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest IKT

Helsepersonell får digital tilgang til journalinformasjon frå alle sjukehus i Helse Vest

No er pasienten sine journaldokument frå sjukehus i Helse Vest tilgjengeleg i kjernejournalen til pasienten. – Med dei nye tenestene som no skal innførast, er kjernejournal endeleg på veg til å bli eit verkeleg nyttig verktøy i helsepersonells kvardag, seier Sveinung Gangstø, legespesialist og medisinsk rådgivar.

Publisert 27.11.2023
En mann med skjegg og grått hår

Dette betyr at alle med tilgang til kjernejournal via pasientjournalsystemet sitt, kan sjå på dokumentlista for pasientane dei behandlar. Helsepersonell som har tilgang til kjernejournal får tilgang til dokumentlista frå sjukehus i Helse Vest og Helse Sør-Øst. 

Førebels vil berre fastlegar ha tilgang til å kunne opne og lese journaldokument for pasientane sine. Dette vil bli endra, og fleire grupperingar av helsepersonell vil få tilgang - som til dømes helsepersonell i dei kommunale legevaktene. 

I løpet av 2024 vil også sjukehuspersonell få tilgang til journaldokumenta til pasienten på tvers av helseregionar, ikkje berre internt i eigen region. Det vil gi helsepersonell raskare tilgang til helseopplysningar som igjen kan gi eit betre avgjerdsgrunnlag for å yte forsvarleg helsehjelp. 

– Det vil vere av stor nytte for legevakter og kommunale akutte døgneiningar i kommunane å få tilgang til dokumentdelingstenesta, meiner Gangstø. 

Han seier dokumentdeling på legevakt gir betre avgjerdsgrunnlag for legane, og på den måten vil føre til betre helsehjelp for pasientane. 

– Dei slepp å bruke ekstra tid på å prøve å innhente manglande informasjon. I dag skjer det også ein del akuttinnleggingar på grunn av manglande kjennskap til undersøkingar og vurderingar som er gjorde tidlegare. Dokumentdeling kan redusere unødige akuttinnleggingar, seier han.

Både nasjonalt og i Helse Vest er det fleire store prosjekt innan digital samhandling. Prøvesvaret til pasienten, Kritisk informasjon, og Pasientens legemiddeliste skal også bidra til informasjonsutveksling via kjernejournalen til kvar enkelt pasient.