Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest IKT

Helse Vest IKT satsar på lærlingar

Helse Vest IKT ser stor nytte av å bruke lærlingar, og doblar no satsinga på feltet.

Publisert 20.09.2016
Sist oppdatert 16.04.2024

Tal frå Utdanningsdirektoratet syner at om lag 9000 elever, på landsbasis, blei ståande utan læreplass i 2015. Det betyr at om lag ein tredjedel ikkje fekk læreplass. Etterspurnaden etter læreplassar er stor, og det merkast også godt i Helse Vest IKT.

Dei siste åra har Helse Vest IKT hatt mellom to og tre lærlingar til ein kvar tid. Lærlingane kjem frå anten IKT-Servicefaget eller Dataelektronikk og har ei læretid på mellom halv anna og to år. Når dei startar i Helse Vest IKT er dei å rekne som ein fast tilsett, med same rettigheiter som ein vanleg tilsett.

Positive erfaringar gjer no at Helse Vest IKT doblar talet på lærlingar, frå tre til seks. Lærlingane er tilsette i seksjon for Klientdrift og høyrer til teknikargruppa deira. Kvar lærling har ein instruktør som sjølv er teknikar, som lærar dei opp og følgjer dei i det daglege arbeidet.

- Då  eg starta i Helse Vest IKT for to år sidan hadde vi ikkje noko fast opplegg for lærlingane, og det var vanskeleg å få følgt dei opp ordentleg. Men det kan vi no, fortel fagleg leiar, Anna Kristine Fjeld.

Ho fekk ansvaret for lærlingane for halvanna år sidan, og står i dag som fagleg leiar for alle lærlingane. Ein av oppgåvene hennar er å sørgje for at dei har eit fagleg opplegg som gjer at dei når måla sine og er rusta for fagprøven.

- Sidan eg starta har vi jobba mykje med å få sikra god oppfølging. I samarbeid med instruktørane og lærlingane sjølve utarbeider vi individuelle læreplanar for kvar lærling. Vi må passe på at kompetansemåla deira blir oppfylt og at det dei skal lære blir kopla opp mot arbeidet som teknikar, seier ho.

- Eit samfunnsansvar

Anna Kristine fortel at Helse Vest IKT ønskjer å vere ei bedrift som bidrar. Ho meiner Helse Vest IKT, med den storleiken som ein no har fått, har eit samfunnsansvar om å ta inn lærlingar.

- Det er ikkje nok bedrifter i Noreg som tek inn lærlingar. Som ei stor etablert bedrift meiner eg vi har vi eit samfunnsansvar om å ta inn så mange lærlingar som vi klarar.  Leiinga vår ønskjer at vi skal vere ei bedrift som kan sei at vi tek ansvar og satsar på lærlingar og gjev dei ein god og interessant læreperiode.

Fagleiaren meiner lærlingar også kan vere ein god måte for Helse Vest IKT å utvikle sitt eiga arbeid.

- Ein ny person kjem inn og stillar spørsmål om kvifor vi gjer ting på vår måte. Dei utfordrar oss til å vurdera arbeidet vårt og bidreg til kontinuerlig forbetring, seier Anna Kristine.

Ingen jobbgaranti

Anna Kristine trivst godt med å jobbe med lærlingane i Helse Vest IKT.

- Eg tykkjer det er veldig kjekt. Dei er så fulle av pågangsmot og engasjement når dei

startar hjå oss. Dei er veldig gira og har lyst til å gjere ein god jobb.

Helst skulle ho ha tilbode alle ein jobb når dei var ferdige i læretida, men dessverre går ikkje det alltid.

- I fjor fekk nesten alle lærlingane våre fortsetje i selskapet, men vi kan aldri love at dei skal få jobb hjå oss. Dei er tilsett på tidsavgrensa på kontrakt. Vi ønskjer sjølvsagt å finne plass til dei etter læretida, men det er ikkje alltid det passer.

Helse Vest IKT har dei siste åra blitt ei svært populær bedrift for både skuler og fylkeskommunar.

- Vi får veldig mange førespurnadar. Vi er ei stor statleg eigd bedrift, så vi er eit trygt selskap. Det handlar nok om at dei ser potensialet i bedrifta.

For Helse Vest IKT har bruk av lærlingar etter kvart blitt ein god måte å rekruttere på.

- Ein får jo ein som kjenner selskapet godt. Teknikarane til Klientdrift arbeider breitt, og samarbeider med mange ulike seksjonar internt. I tillegg er dei ute på sjukehusa og får god kjennskap til helseføretaka. Dei er verkeleg ein ressurs for selskapet dersom vi kan tilsetje dei, seier ho avsluttingsvis.

 

 

Vegard Dahl Henriksen er lærling i IKT-servicefaget. Han er ferdig april 2017.