Helse Vest har valt leverandør for nytt kostdatasystem
– Når me no får eit nytt system som støttar opp om dette delmålet, bidreg det til at me går i riktig og viktig retning for Helse Vest, seier Per Karlsen, prosjekteigar og økonomi- og finansdirektør Helse Vest.
– Mat er ein svært viktig del av pasientbehandlinga, og god ernæringsbehandling er berekraftig, seier Miriam Østvik Jenssen.
Ho er kvalitetsansvarleg i kjøkkenavdelinga i Helse Stavanger.
– Me håpar at ein ny digital løysing kan digitalisera fleire manuelle oppgåver som i dag tek opp mykje tid, og dermed få betre ressursutnytting og betre kvalitet.
Helse Vest produserer omkring 1,5 millionar middagsporsjonar i året. I tillegg vert store mengder varer som bakarvarer, varm og kald drikke, pålegg, meieriprodukt, grønsaker og frukt, lunsjretter og supper, frukost-varer, snacks og kaffimat handtert. For helseføretaka er det driftskritisk å ha eit produksjonssystem for matforsyning.
– Mat har betydning for helse og livskvalitet for friske og sjuke menneske i alle livets sesonger. Me jobbar for at pasientane skal få gode måltidsopplevingar, og at matsalen skal vere ein arena for fellesskap, matomsorg og eit avbrekk frå sjukdomskvardagen, fortel Østvik Jenssen.
Samarbeid imellom fagmiljøa
– Me er svært stolte av det fagmiljøet har fått til med støtte frå arkitektane i Helse Vest IKT, Lene Klovning og Bernt Olav Økland, fortel Kristine Bø.
Ho er prosjektleiar for innkjøpet.
– Gjennom eit nært og tett samarbeid mellom fagmiljøa, Sjukehusinnkjøp og Helse Vest IKT har me no fått eit resultat me er svært nøgde med for framtida.