Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest IKT

Helse Vest først ute med å dele prøvesvar

«Pasientens prøvesvar» er ei løysing som er etterspurd frå både pasientar og helsepersonell, seier Bjørn Egil Vikse, Fagdirektør Helse Vest RHF.

Publisert 18.12.2023
Mann med grått hår og blå skjorte smiler til kamera
Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF, ser frem til å kunne tilby raskere tilgang til prøvesvar for helsepersonell og pasienter

«Pasientens prøvesvar» er ei løysing som er etterspurd frå både pasientar og helsepersonell. Den vil legge til rette for deling av prøvesvar på tvers av verksemder, og mellom sjukehus og allmennlegar. Det vil redusere behov for rekvisisjon av nye analysar som allereie er gjennomført, seier Bjørn Egil Vikse, Fagdirektør Helse Vest RHF.

Sjukehusa 
i Helse Vest som produserer laboratorie- og radiologisvar deltek i eit nasjonalt utprøvingsprosjekt med føremål kvalitetssikring. Dette omhandlar digital deling av pasientens prøvesvar. Helse Vest er per desember 2023 først i spesialisthelsetenesta som opnar for å dele prøvesvara med den nasjonale løysinga slik at dei blir tilgjengelege i pasientens kjernejournal.
 

Tilgang til prøvesvar nasjonalt

Pasientens prøvesvar er ei nasjonal teneste for både helsepersonell og pasientar. Målet er at alle prøvesvar skal vere tilgjengelege, uavhengig av kvar i landet analysen eller undersøkinga er gjennomført.​ 

Kvinner med lyst langt hår og grønn skjorte smiler til kamera
Formålet er å gi bedre samhandling i forbindelse med helsehjelp, sier prosjektleder Margrete Lexow Wie

 

-Etter månader med testing og praktisk planlegging, er Helse Vest no det første helseføretaket som sender kopi av prøvesvar til kjernejournal. Dette betyr at legar får elektronisk tilgang til pasientens prøvesvar frå sjukehus i Helse Vest. Føremålet er å gi betre samhandling i samband med helsehjelp, seier prosjektleiar Margrete Lexow Wie. Wie har jobba saman med eit team med representanter frå laboratorie- og radiologimiljøet i Helse Vest.

Gradvis innføring i 2024, inkludert for pasientar

​I utprøvingsperioden er det berre eit begrensa tal utvalde legar som får tilgang til pasientens prøvesvar via kjernejournal. Desse legene deltek i utprøvingsprosjektet som har føremål å kvalitetssikre løysinga. 

Innføring av pasientens prøvesvar med behandlingsretta føremål vil gradvis skje i 2024. Når løysinga er ferdig kvalitetssikra, skal fleire helsepersonell få tilgang. Dette inkluderer òg alle pasientar, som vil få innsyn i fleire prøvesvar via Helsenorge. 

Les meir her: Pasientens prøvesvar - Norsk helsenett (nhn.no)