Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest IKT

Glasblokkene – eit vindauge inn i framtida 

Helse vest IKT har jobba iherdig med å få på plass leveransar og løysingar til oppstarten på Glasblokkene, der heilt ny teknologi er teken i bruk. Førre veke var det offisiell opning av bygget.

Publisert 20.12.2023
Sist oppdatert 17.04.2024
En bygning med glassvegg

Glasblokkene er endeleg opna etter fem år med intensiv innsats frå byggherre Helse Bergen. Helse Vest IKT har òg bidrege med sentrale IKT-leveransar. 

Helse Vest IKT fekk skryt i talen til administrerande direktør Eivind Hansen i Helse Bergen under opninga av Glasblokkene førre veke.


I starten av november tok Helse Bergen endeleg i bruk sitt nye, flotte bygg på Haukeland. Bygget har fått det kledelege namnet Glasblokkene, der ein finn Barne- og Ungdomssjukehuset (BUS) som husar barn, unge og kvinner på Kvinneklinikken, og dessutan Palliativ avdeling. 

Nytt bygg med ny teknologi 

– Det er godt å vere på plass i det nye bygget. Dette er eit signalbygg som dei alle fleste i Bergensområdet kjem til å vere innom ein gong i livet - Eit komplett sjukehus med sengepostar, poliklinikkar, lab, radiologi og operasjon, seier Helse Bergen sin prosjektleiar for Teknologi i Glasblokkene, Stig Atle Gjøen. 

 – Det som har gjort det spennande er at vi her tek i bruk mykje ny teknologi for første gong i større skala. Det er gjort med leveransar frå regionale og lokale prosjekt og gjennom forvalting av eksisterande system og utstyr. Her har vi hatt god hjelp og samarbeid frå Helse Vest IKT på alle nivå, fortel Stig vidare. 

Helse Vest IKT har bidrege med leveransar på IKT, i hovudsak via programmet sitt Byggstøtte IKT, men òg via leveransar på Samordna Kommunikasjon. 

Arbeidet starta allereie i 2018 og har gått føre seg i varierande styrke sidan den gong. Sentrale nyvinningar har vore auka bruk av mobil, Imatis og digitale pasientsignalanlegg.    

Tok integrasjonsutfordringane på strak arm 

– Ei oppgåve som har vore utfordrande i andre store byggjeprosjekt vi har sett til, er utstyrsintegrasjon. Alt utstyret som anten blir kjøpt nytt eller flyttast, skal setjast opp til å verke mot Helse Vest sitt nettverk og nå fram til rett fagsystem, seier assisterande programleiar Byggstøtte og prosjektleiar Reidar Palmstrøm, før han held fram:   

– Prosjekt Integrasjon og Fagsystem i Byggstøtte, saman med systemforvaltarar og datakommunikasjon i linja, løyste dette på ein svært god måte med grundige førebuingar og systematikk. Det gjekk eigentleg over all forventning! 

Gjennom fleire prøveflyttingar fekk Helse Vest IKT identifisert flaskehalsane og sett opp tiltak som gjorde at flyten vart veldig god då det verkeleg gjaldt.  

– Vi er stolte 

Testteamet i Byggstøtte IKT har også bidrege tungt inn i Glasblokkene.   

– Når eg går forbi Glasblokkene må eg seie eg kjenner ei viss stoltheit. Dette har vi vore med på å levere. Det er veldig godt at det har enda så godt og at innflyttinga har gått så bra, smiler Oliver Bernauer programtestleiar i Byggstøtte IKT.    

En mann og en kvinne som ser på telefonene sine
Oliver Bernauer og Ingvild Bjorøy fra Helse Vest IKT testar at det tekniske fungerer som det skal i Glasblokkene.

– Det var pasientsignalanlegget som var den mest krevjande og omfattande leveransen. Her var det mange føresetnader som skulle vere oppfylte og som ikkje var heilt på plass, og forseinkingar i diverse leveransar, men det enda godt på grunn av ein formidabel innsats og eit godt samspel mellom Helse Bergen, Helse Vest IKT og leverandørane, forklarar han vidare.   

Testteamet til Oliver jobba intenst for å få alt på plass til oppstart og opning. Dette var den største leveransen Testteamet i Byggstøtte IKT har bidrege inn i. 

 Oliver Bernauer og Ingrid Bjorøy var to av dei som dreiv med intensiv testing av pasientsignalanlegget på Glasblokkene.    

Merkeleg å overlevere bygget til brukarane 

Oliver synest det var ei nesten merkeleg oppleving då alle flytta inn i bygget dei så lenge hadde jobba med å perfeksjonere.    

– Vi var så lenge åleine i Glassblokkene og fekk litt eigarkjensle til fasilitetane og anlegget. Det vart jo på ein måte heimen vår, ler han. 

 No er heimen til Testteamet gitt til nokon andre. Men korleis gjekk det eigentleg med dei nye som flytta inn i november? 

 –  Så langt, etter halvannan månad i drift, ser det veldig bra ut. No ser vi fram til å både forbetre dei løysingane vi har teke i bruk og ta dei i bruk vidare i andre bygg. Òg det i tett samarbeid med Helse Vest IKT, seier Stig Atle.

Vi har bevist at vi kan levere 

Administrerande direktør er stolt over det gode samarbeidet som har gjort at Glasblokkene no er i drift, men er spesielt imponert over det arbeidet han har sett i eigen organisasjon. 

 – Test og kvalitetssikring er svært viktig i byggjeprosjekta. Og at Testsenteret vårt har bidrege så sterkt inn i Glasblokkene for å få avklart spørsmål og for å få god nok kvalitet på pasientsignalanlegget, har vore heilt avgjerande. Her vil eg berre seie godt jobba, både til Testsenteret, Tele og signal, Samordna kommunikasjon, og sist, men ikkje minst, til Byggstøtte IKT, som har leia prosjektet med leveransane. Vel blåse, understrekar Ole Jørgen Kirkeluten.   

Programleiar Byggstøtte IKT, Pål Gaute Sætre, er veldig nøgd med at Glasblokkene no er tekne i bruk. Byggstøtte har no bidrege med godt hell i Helse Førde, Helse Fonna, Helse Bergen, og no er vi klare for den store finalen i 2024 med Nye SUS og Liva-bygget i Førde. 

   – Eg vil gjerne takke alle involverte seksjonar i Helse Vest IKT for leveransar til byggjeprosjekta så langt. Vi har bevist at vi kan levere til store byggjeprosjekt på ein kostnadseffektiv og føreseieleg måte. Andre regionar som vi ser til, bruker i mykje større grad innleigd kapasitet enn oss her i Vest. Vi får meir ut av ressursane, og eg er stolt av å få vere med på dette, seier han med eit smil. 

No vender han blikket mot neste store utfordring i 2024.


Glasblokkene vart offisielt opna førre veke, 13. desember.