Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest IKT

Digitale pasientskjema - betre oversikt og kontroll i kvardagen

Ei ny løysing i DIPS Arena gjer det mogleg å formidle skjemaoppgåve direkte til pasient via Helsenorge. Dette kan vere relevant for alle avdelingar som sender ut skjema til pasientar i dag, fortel Marthe Reinkind, prosjektleiar for Digitale skjema og brev. No oppmodar ho avdelingar til å ta kontakt - i heile Helse Vest.

Publisert 05.03.2024
Sist oppdatert 15.03.2024
En person som smiler til kameraet

-Frå eit pasientperspektiv er formålet med prosjektet at pasienten skal få all pasientrelatert informasjon gjennom ein og same kanal, nemleg Helsenorge, fortel Marthe.  

Pasienten vil bli varsla via SMS og e-post om at ei ny oppgåve ventar, som må utførast i forkant av avtalt time på sjukehuset.   


Betre system for pasient og behandlar - alt sporbart i Helsenorge
   

At all kommunikasjon no er sporbar i Helsenorge, betyr at pasientar får informasjon raskare,  samstundes som dei får varsel og påminningar i forkant av timen.    

  -Dette gir pasientane betre oversikt over kva som er forventa av dei til kva tid. I tillegg får dei kopi av innsende pasientsvar, og ved behov kan pårørande svare på vegner av pasienten.      

For behandlar kan utsending av digital skjemaoppgåve formidlast samstundes som inntaksbrev blir sendt til pasienten, og Helsenorge minner pasienten på oppgåva som ventar.   -Du som behandlar vil få betre oversikt og kontroll, samstundes som du veit kva som er sendt kvar og kva som skal takast imot når. Skjemasvar blir motteke som strukturert journaldokument, og ny versjon kan opprettast ved behov, fortel Marthe Reinkind.      

 Revmatologisk avdeling er strålande fornøgd  

Revmatologisk avdeling på Haukeland har vore med på eit prosjekt saman med Helse Vest IKT og Helsenorge for å utvikle eit digitalt eigenrapporteringsskjema for pasientane. Trude Instebø Hansen, assisterande avdelingssjukepleiar på Revmatisk poliklinikk, har vore med på å få på plass den nye løysinga.  

I videoen fortel Trude om kva verdi den nye løysinga har, og at dei endeleg får tid til det dei eigentleg skal gjere i løpet av dei 20 minutta dei har med kvar pasient.     

Kva krevst av innsats?   

 -Ei regional arbeidsgruppe gjer vurderingar av kva system skjemabehovet best lèt seg løyse i, og prioriterer i forhold til andre melde behov, fortel Marthe Reinkind.  

 Når det er semje om innhaldet i eit skjema, blir skjemaet utvikla og bygd. Dette tek rundt 20-50 timar. Deretter må skjemaet testast, før opplæring kan gjennomførast.   

 -I avdelinga må det setjast av tid til brukaropplæring av ny løysing, men òg til den nye arbeidsprosessen for utsending, oppfølging og mottak av skjema.