Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest IKT

Torer vi bruke kunstig intelligens i pasientbehandling?

I tråd med trenden elles i samfunnet er det no mange legar som ynskjer å ta i bruk kunstig intelligens i det kliniske arbeidet. Nils Petter Tveranger er verksemdsarkitekt, og hjelper helseføretaka med å omsette behova deira til nyttige digitale løysingar.

Publisert 07.03.2024
En mann som smiler til kameraet

Om du òg vil bli med og skape framtidas IKT-løysingar for sjukehusa i vest, så bør du sjå her. Vi har ei rekke ledige stillingar som kanskje kan passe for deg! Frist for å søke er 17. mars.

Tveranger peiker på eit paradoks som no gjer seg gjeldande. Det skjer mykje forsking på bruk av KI innan helse både nasjonalt og internasjonalt, men det kan ta lang tid før resultata er klare til bruk i det kliniske arbeidet. Samstundes kjem kommersielle aktørar med verktøy som legane allereie no kan ha stor nytte av.

– Eit godt eksempel på dette finn ein innan bildediagnostikk, der fleire legar peikar på at det allereie finst kommersielle løysingar for bildetolking tilgjengeleg, fortel Tveranger.

I rolla som verksemdsarkitekt skal han sjå på korleis slike KI-løysingar kan takast i bruk på ein måte som er trygg, både for pasientar og helsearbeidarar. For å finne svar brukar han gode teknikkar for kartlegging og visualisering, og går systematisk til verks på dei ulike laga i arkitekturen.

–  Som verksemdsarkitekt ser eg også alltid på om ein skal løyse eit spesifikt problem  eller om det er eit meir generelt behov der løysinga må kunne brukast på tvers av Helse Vest. Når ein introduserer nye digitale løysingar i eit allereie komplekst IKT-miljø, må ein sjå på både heilskap og konsekvensar.

Prøver KI-løysingar for tolking av bilete

Den siste tida har dette arbeidet i all hovudsak vore retta mot radiologiavdelingane i Stavanger og på Haraldsplass. Dei skal om kort tid prøve ut to KI-løysingar for bildetolking av beinbrot og brystkasse på ei felles integrasjonsplattform.

– Den store fordelen med plattforma vi no skal prøve ut, er at den er tett integrert med det bildesystemet radiologane allereie brukar. Det betyr at dei ikkje treng lære seg eit nytt verktøy, men får resultat av KI-løysinga si bildetolking lett tilgjengeleg i si vanlege arbeidsflate. Dersom utprøvinga vert vellukka, kan dette opne for at ei slik integrasjonsplattform kan nyttas av andre sjukehus og for andre spesialiseringar innan radiologi.

Nysgjerrigheit er ei viktig drivkraft

Som verksemdsarkitekt jobbar Tveranger nesten alltid i team eller grupper som er satt saman for å løyse eitt eller fleire behov.

– Eg opplever det som svært lærerikt, og er imponert over alle de flinke tilsette i Helse Vest. Eg får spanande og utfordrande arbeidsoppgåver, i tillegg til at eg får utvikle min egen kompetanse saman med kollegaer i avdelinga.

Han trekker fram følgande eigenskapar som viktige for dei som ønsker å jobbe som verksemdsarkitekt.

  • Analytisk og evne til problemløysing.
  • Gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
  • Nysgjerrigheit er ei viktig drivkraft både i oppdrag og i eiga kompetanseutvikling
  • Gode mellommenneskelege ferdigheiter.