Bli betre kjent med dei som jobber på Testsenteret
Siri Hareide Røyset, Testleiar
– Noko av det beste med å vere testleiar i Helse Vest IKT er den store variasjonen i systema vi jobbar i. Frå e-læring, lønn og anna administrativt, til dei tunge, kliniske systema der vi får innblikk i alle dei ulike fagfelta som finst i føretaka.
Eit sterkt fagmiljø gjer at eg alltid har nokon å sparre med, og det sosiale miljøet må vere det beste i Bergen. Turgrupper, faggrupper, TED-lunsjar, seksjonsmøter og samlingar med både fagleg og ikkje-fagleg innhald sikrar sterkt samhald og trivsel.
Steinar Alexander Borge, Teknisk testledelse
– Som teknisk testar i Helse Vest IKT er ein innom mange forskjellige system. Kvart prosjekt inneber ny kode som ein må tolke for å lage ein ytingstest. Å lage ein ytingstest krev ein del arbeid, men det er veldig tilfredsstillande når ein til slutt kan køyre testen og resultata kjem inn i rapporten.
Det fine med Testsenteret er det gode miljøet. Det er kjekke tilsette her, og ein blir fort inkludert. Det er ein sosial og god arbeidsplass som eg kan anbefale varmt.
Merete Valle Larsen, Testleiar
– Som testleiar i Helse Vest IKT får ein vere med på ulike og spennande prosjekt, der kvalitet og test har høg prioritet. Løysingane har stor betyding for brukarane våre, og det gir meiningsfylte arbeidsoppgåver.
Kvardagen er travel og det er mykje å gjere, men som ny i seksjonen føler ein seg likevel velkomen. Vi har kultur for å dele og lære av kvarandre. Både Testsenteret og Helse Vest IKT er store arbeidsplassar, med mange moglegheiter for utvikling.
Christian Mjelde, Testleiar
– Det beste med å vere testleiar i Helse Vest IKT er variasjonen i prosjekta. Det er mange fagfelt å dekke innanfor eit sjukehus. Ingen prosjekt er like, og prosjekta har stor betyding for arbeidskvardagen til svært mange.
Alle på Testsenteret ønskjer å gjere ein forskjell. Miljøet er godt, og det er stor takhøgde. Eg skulle ønske eg hadde søkt meg hit tidlegare.
Trude Kristin Kjelby Antoniazzi, Testleiar AMK-prosjekt
– Det beste med jobben min er den varierte arbeidskvardagen og moglegheita til å lære mykje nytt gjennom ulike prosjekter.
I rolla som testleiar får eg jobbe med spennande og meiningsfylte oppgåver. Vi er tett på brukaren av det som utviklast, og det å sjå at jobben har betydning for mange, gir ekstra motivasjon. Den digitale utviklinga i helse er i fokus, så det er morosamt å vere med på denne reisa.