Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest IKT

Møt våre tilsette

Radiograf som testar forvalterrolla

Eg har god erfaring med å jobbe i Sectra som radiograf. Det er difor veldig kjekt å jobbe med forvalting av programmet, og sjå kva som ligg bak det ein driv med i sjukehusa dagleg.

Publisert 06.09.2022
Sist oppdatert 13.01.2023
Marita Bondhus

 

Namn: Marita Bondhus
Alder: 31 år
Stillingstittel: Spesialkonsulent IKT – applikasjonsforvaltar​

Kvifor Helse Vest IKT? 

Eg forstod tidleg at Helse Vest IKT er ei bedrift som set pris på sine tilsette, og som tek imot engasjement og initiativ med opne armar. Det vert lagt vekt på eit godt arbeidsmiljø, og det er eit varierande miljø sett saman av folk med ulik bakgrunn og ulik kompetanse. Ein lærer mykje av å jobbe saman med andre som har kompetanse utanfor sin eigen. Eg får utvikle meg, og det set eg stor pris på!​

Kva jobbar du med?  

I Helse Vest IKT jobbar eg i Seksjon for kliniske system, i team Digital media. Eg jobbar i hovudsak med forvaltning av Sectra (radiologi, DMA og patologi), og har så smått starta med eit anna program kalla Cytomine, som er brukt innan fagfeltet patologi.​​

Kva kontor høyrer du til?

Helse Vest har jo fleire kontor; både i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Eg bur på Stord og har nokre kilometer å pendle for å kome til og frå kontoret i Haugesund. Eg jobbar difor anten på kontoret i Haugesund, på heimekontor eller på eit kontor i K-blokka på Stord sjukehus. Det er fantastisk kjekt å kunne ha ein jobb som er så fleksibel! Så lenge ein har PC-en med seg, så kan ein jobbe kvar som helst. 

Kva er det beste med jobben din? 

Eg har god erfaring med å jobbe i Sectra som radiograf. Det er difor veldig kjekt å jobbe med forvalting av programmet, og sjå kva som ligg bak det ein driv med i sjukehusa dagleg. Eg er av natur nysgjerrig og ynskjer å forstå kvifor ting er som dei er. Det får eg gjort mykje av i Helse Vest IKT. Og ikkje minst har eg utruleg kjekke kollegaer som gir arbeidskvardagen høg trivselsfaktor!