-Teknisk prosjektleiing er som ei spesialstyrke
-I løpet av 15 år i organisasjonen har eg jobba med kjekke folk og spanande fagfelt, som test, prosjektleiing og produksjonssetjing. Eg liker å tenke at det er litt «special forces eller Ghostbusters» over oss.
Namn: Pål Gaute Sætre
Alder: 46 år
Stillingstittel: Seksjonsleder
Bakgrunn
Eg har ein master i informasjonsvitskap frå Universitetet i Bergen, pluss ein dæsj med media, historie, og nokon leiingsfag frå BI. Den første rolla mi i Helse Vest IKT var som systemforvaltar for Agresso.
I løpet av 15 år i organisasjonen har eg jobba med kjekke folk og spanande fagfelt, som test, prosjektleiing og produksjonssetjing. Eg har vore innom mykje ulikt, men det har alltid handla om prosjektarbeid, anten som deltakar, leiar eller tilretteleggjar. Eg har jobba mykje med prosjektgjennomføring og grensesnittet mot linja i Helse vest IKT. Det er liksom «greia mi».
Kva jobbar du med no?
Ein viktig del i rolla som seksjonsleiar er å balansera ulike «frontar». Ein må ta vare på dei som er med i seksjonen og leggje til rette for at dei kan utvikla seg – samstundes som du speler avdelingsleiaren god i rolla si. Du må òg utvikla samarbeidet med andre seksjonar, prosjekt, føretak og einingar – som har ein relevans for seksjonen. På ei måte driv ein med «utvikling» av relasjonar, fag, konsept og folk. Samstundes må ein ikkje gløyme kart og terreng –i kvar medarbeidarsamtale minner eg om at kvar dag me går på jobb – så er det for føretaka. Helse Vest IKT ville ikkje hatt eksistensgrunnlag utan dei – og det er kjernen i alt me driv med. Det er viktig.
Kva er det beste med jobben din?
Det beste med jobben min er at eg stadig får moglegheiter til å utvikle meg innan ulike områder. Eg er med på digitaliseringa av noko som betyr mykje for mange. Eg liker fleksibiliteten som er i prosjekt.
Eg har òg hatt ein leiar – Gjertrud – gjennom 14 år som har trudd på meg og gitt meg moglegheita til å vere meg sjølv og stole på eigne vurderingar. Det betyr mykje. Eg ville aldri vore der eg er i dag utan Gjertrud eller Helse vest IKT.