Møt våre tilsette
Bjørg skal sikre gevinstane frå IT-prosjekta
Bjørg jobba som sjukepleiar i over 20 år før ho fann ut at ho ønska å vere med på å lage system for å endre arbeidsmåten og utvikle organisasjonane vidare. I dag jobbar ho med gevinstrealisering i dei to største programma i Helse Vest.
Som assisterande programleiar for Alle Møter er Bjørg ei travel dame. Det er full fart i prosjekta og programma ho er med i.
- Det blir ein god del reising i det oppdraget eg har som assisterande programleiar med ansvar for gevinstrealiseringsarbeidet. Eg trivst med å ha det travelt, fortel Bjørg.
Ho meiner det er viktig at ho er tilgjengeleg ute i føretaka i dette arbeidet.
- Det er nybrotsarbeid, og i den settinga er det viktig å byggje relasjonar og vere fysisk til stades med folk som ein skal gjere dette utviklingsarbeidet saman med, seier ho.
Men Bjørg jobbar ikkje berre opp mot Alle Møter. Ho bidreg òg i gevinstrealiseringsarbeidet i HELIKS-programmet.
- Eg har ei 20% rolle i HELIKS, der eg skal være ein rettleiar og ressurs i gevinstarbeidet. Dei ønskjer den same tilnærminga til gevinstrealisering som i Alle Møter.
Omgrepet «gevinstrealisering» har lenge vore ei krevjande utfordring både for prosjekta og for sjukehusa, men som mangeårig sjukepleiar med vidareutdanning innan pedagogikk, leiing, arbeids- og organisasjonspsykologi og coaching, har Bjørg dei beste føresetnadene for å kommunisere det til dei tilsette i helseføretaka.
- For helseføretaka har det lenge vore krevjande å forstå kva dette dreier seg om. Ei av utfordringane i arbeidet mitt er å kunne forklare dette på ein god og pedagogisk måte, slik at både linjeleiarar og fagpersonell opplever dette som aktuelt, nyttig og mogleg.
Organisasjonsutviklaren
I ein tidleg alder fann Bjørg ut at ho hadde lyst til å utdanna seg til sjukepleiar, men etter å ha jobba som sjukepleiar i mange år var ho klar for nye utfordringar.
- I 1998 kom eg over stillinga som prosjektleiar for eit samhandlingsprosjekt mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta. Då eg leste utlysinga som handla om å bygge system og rutinar for å sikre informasjonsutveksling ved inn- og utskriving mellom kommunane og sjukehuset, tenkte eg «Wow! No får eg høve til å vere med å bidra til at pasientar med behov for tenester både frå spesialisthelsetenesta og kommunane får oppleve dette på ein betre måte enn dei gjer i dag».
Bjørg blei etter kvart den første samhandlingssjefen i Helse Fonna, og fekk dermed det overordna systemansvaret for at samarbeidet fungerte i praksis. Seinare har ho jobba mykje i prosjekt, og det tok ikkje lang tid før ho skjønte at det var det ho ville drive med vidare.
- Prosjektarbeid er så flott. Det er ein tydeleg start og ein tydeleg slutt, og det er ein målretta og strukturert måte å arbeide på. Det å sjå alle desse flotte folka som jobbar for å nå det overordna målet, trivst eg utruleg godt med. Så etter 1998 har eg for det meste jobba med prosjekt. På ulike måtar og i ulike roller, både lokalt, regionalt og nasjonalt, fortel ho.
Den 1. september 2013 forlét ho Helse Fonna til fordel for Helse Vest IKT.
- Eg ønska å få tilhøyrsle til eit kompetansefellesskap innan prosjektleiing. Då eg såg at dei lyste ut stillinga som prosjektleiar i ein seksjon som heitte «Prosjektleiing», tenkte eg at dette høyrde spennande ut. Eg kunne kjenne meg litt einsam som prosjektleiar i føretaka, fortel Bjørg.
Sjølv om ho no jobbar i ei IT-bedrift, har ho framleis nærleiken til sjukehuset. Og det IT-tekniske treng ho ikkje å bekymre seg for.
- Fokuset mitt er på organisasjonsutviklinga i sjukehuset. Eg har alltid eit team rundt meg med dyktige folk med kompetanse innan dei ulike områda som prosjektet krev. Då er det alltid ein ressursperson innan IKT som kan rådgje der.
Saka held fram under biletet
Sjukepleiarhjarte
Som prosjektleiar for eit IT-prosjekt er det fort gjort å gløyme kven ein jobbar for, og kva som er det overordna målet. Men som tidlegare sjukepleiar, har det aldri vore noko problem for Bjørg.
- Eg har alltid ei bevisstheit for at vi jobbar for at innbyggjarane i Helse Vest. Vi jobbar for at dei skal få ei god og heilskapleg helseteneste av god kvalitet. Når helseministeren snakkar om pasienten si helseteneste, er det musikk i mine øyre.
- Eg er oppteke av å ikkje berre ha prosjekt som skal vere til gode for dei tilsette på sjukehusa og i kommunehelsetenesta, men at vi faktisk har fokus på at det til sjuande og sist er pasientane og dei pårørande si oppleving som er det viktigaste.
Ho trur dette med gevinstrealisering er ei stor og viktig utfordring for Helse Vest IKT i dag.
- Det handlar om å kunne synleggjere og dokumentere nytteverdien av systema og arbeidsprosessane vi leverer til føretaka. Det er derfor viktig å støtte helseføretaka i dei endringane som dei må gjennomføre i organisasjonane sine, og dra nytte av dei IKT-løysingane som vi tilfører dei, seier ho.