Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest IKT

Møt våre tilsette

Bjarte held 27 000 tilsette samankopla

På eit morgonmøte i 2010 rekte dataingeniør Bjarte Vollstad opp handa og meldte seg interessert i eit lite sideprosjekt. Lite visste han at det nokre år etterpå skulle stå «Skype-general» på namneskiltet hans, og at han skulle verte ein av grunnpilarane i Helse Vest IKT si miljøsertifisering.

Publisert 28.09.2018

Prosjektet var møte-fjernkommunikasjon, den gongen Lync, noko som var sporadisk brukt på den tida. Bjarte var relativt nyutdanna dataingeniør, og tilsett i Server og lagring.

På kontoret i Førde, bak ei nesten usynleg inngangsdør, treffer vi ein humørfylt - om enn noko trøytt – serveringeniør.

- Vi bygde opp Lync frå botn av, med integrasjonar og alt. Før dette har eg drive med mykje forskjellig innan IT, men dei siste åra har eg blitt veldig spissa mot Skype. Frykteleg spissa, faktisk, fortel Bjarte tankefullt.

I dag driftar Bjarte kommunikasjonssystema saman med ein nøkkelperson til, og sikrar 27 000 tilsette i Helse Vest sin krins tilgang til kvarandre.

- Vi overvakar systema heile vegen, men det er eigentleg ikkje naudsynt. Eg kan berre sjå ut vindauga; så fort det er ein feil i systemet byrjar folket å flokke seg utanfor kontordøra mi, ler Bjarte

Ringrev

Skype-generalen har òg hatt ei lang fartstid i Helse Vest IKT før han fann stolen sin i Førdegården. Lærling, sommarjobbar, utplassert, og til slutt fast tilsett er porteføljen så langt, i tillegg til engasjement i ulike prosjektarbeid innimellom.

- Eg var service og elektronikk-lærling i 2002-2004 på IT-avdelinga til Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane. Og så hadde eg sommarjobb med utrullinga av Windows XP. Eg har eigentleg alltid likt meg i skjeringspunktet mellom hardware og software, så eg tek meg framleis turar opp til sjukehuset og tuklar litt med utstyret vårt der oppe.

Etter lærlingtida flytta Bjarte til Bergen for ingeniørstudiet. Siste året fekk han ha utplasseringa si i Helse Vest IKT, Server og lagring, før han gjekk over i vikariat, og så fast stilling.

- Stillinga mi vart flytta til Bergen, slik at eg fekk bu der. Fleksibiliteten i Helse Vest IKT er ein av grunnane til at eg trivst så godt, utan tvil.

Vaktordninga, som han òg har meldt seg friviljug til å vere med på, saman med guru-rolla på Skype, sikrar han ein viss grad av kundekontakt.

- Det er eigentleg litt uvanleg at ein på Server og lagring har så mykje direkte brukarkontakt. Det er jo drift, oppgradering og utvikling av serverar som er feltet vårt.

Utanfor Skype-sfæren ligg det tilgrensande fagfelt, som fell under Bjarte sine venger; eksterne gatewayar til e-post, arkiveringssystem, og andre kommunikasjonsrelaterte løysingar vert oppgraderte, oppdaterte og drifta frå pultane i Førde.

- Miljøet er det vi som set opp, og det er vi som definerer alle reglar og innstillingar som utgjer skjermbiletet og funksjonane som brukarane våre ser. Og noko leiting etter feil vert det òg...

Kvar lokasjon i Helse Vest har ei operasjonell IT-vakt, om det skulle skje noko Kundesenteret ikkje kan handsame over linjene, og i Førde er altså Bjarte ein av desse.

- Vi skal vere i kort avstand frå lokasjon for eventuell utrykking, men det er ikkje alltid at vi treng å forlate soverommet heller. I dag starta eg dagen klokka 02:30, men vi fann ut av det gjennom «heimekontoret». Heldigvis var det fleire kollegaer tilgjengeleg - eg får ikkje alltid den beste hjelpa frå bikkja heime.

Med kunnskapsdatabasen, og litt kjennskap til kven som er best på akkurat dette problemet, kan som oftast krisane løysast kjapt og smertefritt, men det er ikkje tvil om at ein treng å halde hovudet kaldt, og fokusere.

- Det står jo trass alt om liv og død, i ytste fall. Det kjenner ein på pulsen, når det står på.

Den store vesle verda

Som småbarnspappa er det få plassar Bjarte heller kunne tenkt seg å jobbe enn i Helse Vest IKT. Fleksibiliteten rundt busetting, arbeidsoppgåver og ikkje minst miljø har vore nøkkelen for han, i kvar livsfase.

- I Bergen sit folk naturleg nok konsentrert i sine avdelingar og seksjonar, men her i Førde har vi eit tverrsnitt, med eit knippe folk frå alle avdelingar på same kontor.

Det gjer vegen kort, og endå kortare enn gjennom Skype, ironisk nok.

- Samlinga av dei ulike IT-avdelingane frå føretaka til Helse Vest IKT, har gjort bukt med mykje «tyggis-løysingar» som gjerne fungerte lokalt, men som ikkje snakka med andre lokasjonar og føretak. No vert alt meir og meir samla og integrert. Det legg jo òg press på serverane - altså oss i min seksjon.

Innsparinga i reisetid, reisekostnad og ikkje minst miljøkostnad som Bjarte representerer er mest ikkje råd å få oversikt over. Berre Helse Vest IKT sine kontor i Førde, Haugesund, Stavanger og fem ulike hus i Bergen sender reisetimane til himmels. Oppå der får du alle dei 26 500 andre i Helse Vest.

- Vi tenkte jo mest på vår eigen kommunikasjon i første omgang, men det vart jo med ein gong heilt logisk at alle i Helse Vest skulle vere på same systemet.

Bjarte Vollstad helpdesk

Bjarte Vollstad – gjer verda litt mindre, møte for møte.