Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest IKT

Møt våre tilsette

Anette ser til at systema er sunne og klare til dyst

Anette har jobba over 30 år i IT-verden. Etter å ha jobba mykje i det private og for seg sjølv fann ho seg til rette i Helse Vest IKT, kor ho no jobbar som systemforvaltar.

Publisert 14.02.2020
Sist oppdatert 19.10.2022
En person som smiler foran en rød dør

Etter å ha fullført vidaregåande stod Anette overfor eit vanskeleg dilemma med val av studieretning. Venninnene hennar trakk seg mot medierelaterte jobbar eller prøvde seg som kabinpersonale. Men Anette ville ikkje følgje straumen, og byrja på utdanninga som IT-ingeniør. Eit felt som var svært mannsdominert på den tida.

- Det var forferdeleg tøft. På den tida var det ikkje vanleg med kvinner på EDB-avdelinga i det firmaet eg starta, og eg var den første dei tilsette, seier Anette.

Tjue år seinare fekk ho sine første kvinnelege kollegaer på IT-feltet, då ho byrja i Helse Vest IKT.

- Det var fantastisk å komme til Helse Vest IKT og plutseleg få så mange kvinnelege kollegaer. Endeleg kunne eg prate om noko anna enn fotball i lunsjen, flirer Anette, som òg har vore aktiv i ODA-nettverket for å få fleire kvinner inn i IT-yrket.

Ho har no jobba i Helse Vest IKT i over ti år, og har fått prøve seg i fleire roller.

- Det har vore veldig kjekt å kunne rullere rundt i organisasjonen og få masse ny erfaring. I 2015 hadde eg eigentleg bestemt meg for å takke ja til ein jobb i eit anna selskap, men då eg fekk høyre at Helse Vest IKT hadde ei ledig stilling som systemforvaltar for Webcruiter, Læringsportalen og Kompetanseportalen, ombestemte eg meg.

I dag er ho glad for at ho valde å bli verande.

- Eg stortrivst i jobben min og med arbeidsoppgåvene. Rolla som systemforvaltar er veldig spennande og variert. Eg veit aldri heilt kva dagen bringar når eg loggar meg på om morgonen, fortel ho.

 

En person som sitter ved et skrivebord med en datamaskin og et tastatur

 

 

- Ei veldig spennande rolle

Systema ho har ansvar for blir brukt av alle føretaka i Helse Vest, i tillegg til alle dei private sjukehusa under Helse Vest-paraplyen.

- Som systemforvaltar har ein ei typisk «sørgje for»-rolle. Ein sørgjer for at systemet ein forvaltar har alt som trengs for å ha det bra. Ein sørgjer for at systemet har friske og gode serverar, at det til ei kvar tid blir oppgradert til nyaste versjon, at integrasjonane går som dei skal og at ein har ein god dialog med leverandørar, driftsavdelinga og systemansvarlege ute i helseføretaka.

Ho beskriver rolla som ei fin blanding av ulike oppgåver.

- I løpet av veka har eg gjerne ei fin blanding av driftsmøter med leverandørar, møter med regionale grupper som nyttar systemet, oppgraderingar, support-saker, oppfølging av saker internt og teammøter, forklarar Anette.

- Alt i alt vil eg seie at systemforvaltar-rolla er veldig spennande, både med det at du sjølv kan vere med å påverke korleis du vil utøve den, og det at det alltid skjer noko. Ein bør like å ha mange ballar i lufta samstundes. Ein annan ting eg tykkjer er motiverande, er kundane våre. Det å vite at ein er med å gjere pasientbehandlinga enklare er ei god kjensle.

Helse Vest IKT som arbeidsplass

Då Anette byrja i Helse Vest IKT var det knappe 200 tilsette i selskapet. Dei siste ti åra har selskapet vakse til å bli tre gongar så stort. I dag har Helse Vest IKT rett over 600 tilsette.

- Det har vore ein ofseleg vekst, og det har vore ei veldig spennande reise å vere med på, seier Anette.

Ho skildrar Helse Vest IKT som ein stabil og inkluderande arbeidsplass.

- Eg stortrivst med å jobbe i Helse Vest IKT. Det er eit veldig fleksibelt og innovativt selskap. I tillegg har eg berre hatt flinke leiarar med ein sunn og god filosofi for leiing.

- Eg har veldig hyggelege kollegaer, og sjølv om vi sit spreidd og har mange Skype-møter har vi ein lett og fin tone. Alle er veldig hjelpsame og imøtekommande, fortel Anette.