logo Helse Vest IKT

Verksemdsutvikling

Avdeling for Verksemdsutvikling bidrar til digitalisering og effektivisering for helseføretak, pasientar og pårørande. Med sterke fagmiljø innan utvikling, integrasjon, datavarehus og rapportering, prosjektleiing og testleiing, gjennomførast viktige prosjekt og oppdrag for å forenkle pasientbehandlinga.

Avdelinga har seks seksjonar.

Integrasjon

Seksjon Integrasjon si hovudoppgåve er å levere, drifte og forvalte integrasjonar mellom ulike fagsystem og eksterne tenester.

Integrasjonsområdet er komplekst og involverer mange aktørar internt i føretaksgruppa, eksterne leverandørar og andre bidragsytarar i helsesektoren.

For å møte denne utfordringa er det etablert eit integrasjonssenter i samarbeid med seksjon Utvikling, som gjennom effektive prosessar i større grad utnyttar kapasiteten og kompetansen på integrasjonsområdet.

Utvikling

Seksjon utvikling leverer løysingar som helseføretaka har behov for, i tillegg til at vi utviklar integrasjonar mellom fagsystem og eksterne tenester i samarbeid med seksjon Integrasjon.

Seksjonen leverer òg tenester til dei ulike prosjekta i Helse Vest, så vel som direkte på bestilling frå helseføretaka. Vi deltek også i ulike innovasjonsprosjekt med føremål om å betre helsetenestene ved bruk av innovativ og nytteskapande teknologi.

Gjennom eit team har seksjonen ansvar for Helse Vest IKT si satsing på robotisert prosessautomatisering (RPA) og leverer denne tenesta til helseføretaka.

Styringsdata

Styringsdata bidreg innanfor utvikling, innføring og forvalting av løysingar for kvalitet, styring- og verksemdsinformasjon.

Seksjonen består av ulike team knytt til datavarehus, nasjonale og lokale kvalitetsregister, maskinlæring og rapporteringsløysingar. Vår oppgåve er å sikre eit heilskapleg og påliteleg datagrunnlag og konsistent informasjon til blant anna avgjerdstakarar i sjukehusa.  

Våre engasjerte medarbeidarar har høg kompetanse innan Business Intelligence, AI og tekniske løysingar for kvalitetsregistre. Vi har tilsette med ulik bakgrunn og personlegdom, som ved fokus på å bygge gode relasjonar har blitt ein godt samansveisa gjeng, som verdset og utfyllar kvarandre både fagleg og sosialt.

Prosjektleiing

Seksjonen leverer program/prosjektleiing til dei fleste prosjekta i Helse Vest si prosjektportefølje. Vi deltek òg aktivt i fleire nasjonale satsingar og prosjekt.

Prosjektleiing er eit kompetansesenter innan prosjekt- og programleiing i heile Helse Vest, og medverkar aktivt i utviklinga av prosjektprosesser- og metodikk i føretaksgruppa.

Testsenter

Testsenteret leverer testleiing og rådgjeving innan test både i prosjekt- og forvaltingsarbeid. Seksjonen er eit av dei leiande miljøa innan fagområdet på Vestlandet, og bidrar òg i nasjonale satsingar på området. Testsenter har i tillegg ei rådgjevande og koordinerande rolle i innføring av nye system i selskapet.

Vi er viktig for å sikre kvalitet i løsninger og leveranser til helseforetakene. Målet vårt er å gjere Helse Vest IKT til ein enda betre partnar for IKT-relatert endringsarbeid i Helse Vest.

Teknisk prosjektleiing

Teknisk prosjektleiing jobber med IKT-støtte til dei mange pågåande byggprosjekta i regionen.

Avdelingsleiar

Pål Gaute Sætre er avdelingsleiar for Verksemdsutvikling. Du kan nå han på e-post pal.gaute.setre@helse-vest-ikt.no

Send e-post til Pål Gaute
Portrettbilde