logo Helse Vest IKT

Tenesteutvikling

Avdelinga har ansvar for forvaltning og vidareutvikling av Helse Vest sine IKT-løysingar. Tenesteutvikling skal bidra til betre bruk gjennom tett dialog med systemeigarar og systemansvarlege i helseføretaka. Handtering av komplekse saker og planlegging av endringar og oppgradering er ei vesentleg oppgåve for dei fire ulike seksjonane i avdelinga.

Rolla som systemforvaltar i dei ulike seksjonane kan variere litt etter kva type teneste eller forvaltingsmodell som er etablert. Avdelinga har medarbeidarar som spenner over fleire fagfelt. Nokon har kompetanse frå klinisk verksemd, nokon kjenner eit konkret system som nyttast kring eit fagområde, til dømes økonomi, mens andre igjen har ein meir teknisk profil. Alt dette, i saman med generell IKT-kompetanse, skaper de gode leveransane frå Tjenesteutvikling.

Avdelinga har fem seksjonar.

Administrative system

​​​​​​​​​​​​​​​​​​Seksjonen har ansvar for forvalting av dei store administrative systema innan HR, arkivering, FDVU, HMS, prosjektstyring, kvalitetshandbøker, Sharepoint og fagsystema til sjukehusapoteka. Desse systema er i stor grad regionale, og fleire av systema er i bruk for alle tilsette i Helse Vest. I tillegg forvaltar seksjonen dei små og mellomstore systema i Helse Vest (SMSYS).​​​​​​​

Fleire av systema har høg kritikalitet og krav til oppetid er høg. Seksjonen har tilsette med ulik bakgrunn. Nokon har erfaring frå arbeid med dei ulike systema og prosessane i helseføretaka, medan andre har teknisk bakgrunn.

Kliniske system

Seksjonen har ansvar for forvalting av kliniske system og tenester innanfor dei store områda laboratorie og radiologi. I tillegg forvaltar seksjonen diverse system som vert brukt ved høresentralar, portørsentralar, sterilsentralar, intensivavdelingar, blodbankar samt kirurgiske avdelingar.

Systema er i større og mindre grad kritiske for pasienthandsaminga, men for dei fleste gjeld svært høge krav til oppetid. Seksjonen Kliniske System har tilsette med både helsefagleg og IT-teknisk bakgrunn. Mange av systema som er forvalta i seksjonen, er kopla til medisinsk teknisk utstyr, noko som krev eit godt samarbeid mellom systemforvaltar, brukarar i helseføretaka og medisinsk tekniske avdelingar.

LIBRA forvalting

LIBRA er namnet på Helse Vest sitt program for logistikk, innkjøp, budsjett, rekneskap og anlegg. Gjennom seksjonen har ein samla forvalting av register, prosess og system innan LIBRA i ei felles eining. Seksjonen har ansvar for å oppdatere og vidareutvikle arbeidsprosessane innan økonomi, innkjøp og logistikk.

LIBRA Forvaltning følger opp feil og endringsynskje mot vår leverandør, samt at vi overvåker integrasjoner og arbeidsprosesser i systemet.

Helselogistikk

Helselogistikk jobbar med system som gjer viktig informasjon lett tilgjengeleg, oversiktleg og trygg. Seksjonen forvaltar løysningar for portør, pasientlogistikk, varsling, innsjekk og betaling. Vi forvaltar og konfigurerer løysningar frå leverandør DNV Imatis.

Drifts- og støttesystem

Seksjonen leverer innenfor områda intranett (Sharepoint), datainnsamling frå pasientar (CheckWare) og drift av små og mellomstore system (SMSys). Om lag halvparten av seksjonens kapasitet går med til SMSys, der vi driftar rundt 800 applikasjonar for føretaksgruppa.

Avdelingsleiar

Ørjan Andersen jobbar som avdelingsleiar for Tenesteutvikling.

Du kan nå Ørjan på telefonnummer 954 36 462, eller på e-post orjan.andersen@helse-vest-ikt.no.

Send e-post til Ørjan
Ørjan Andersen

Enheter