logo Helse Vest IKT
Bilete av kablar

Tenesteproduksjon

Avdeling for tenesteproduksjon har ansvar for drift og forvalting av all IKT-relatert infrastruktur for alle helseføretaka i Helse Vest. Vi arbeidar med å levere tenester av høg kvalitet og oppetid innan område som PC-drift, nettverk, server, lagring, databasedrift, applikasjonsdrift, telefoni og sjukesignalanlegg.

Avdelinga har ni seksjonar.

Applikasjonsdrift

Applikasjonsdrift har eit overordna ansvar for at Helse Vest IKT sine tenester er tilgjengelege. Konsulentane våre har teknisk kompetanse som gjer oss i stand til å gjenopprette tenestene etter driftsavbrot, i tillegg til å oppgradere nye versjonar av programvare.

Database

Database sin hovudoppgåve er drift og vedlikehald av databasar i Helse Vest IKT. I all hovudsak gjelder det databasar på teknologiane Microsoft SQL og Oracle, men vi kan hjelpe til på andre områder/teknologiar etter behov. Seksjonen bidrar i ulike prosjekt, og skal ha en rådgivande rolle innanfor fagfeltet.

Datakommunikasjon

Seksjonen sine arbeidsoppgåver er i hovudsak leveransar knytt til utbygging av nye areal, vedlikehald av eksisterande nettinfrastruktur og sikkerheitsrelaterte problemstillingar knytt til trafikk mellom ulike sikkerheitssonar.

Datakommunikasjon har ansvar for datanettverket i Helse Vest, noko som mellom anna inkluderer brannmurar, rutarar og basestasjonar for trådlaust nett.

IKT-Utstyr

Ei av hovudoppgåvene til seksjon for IKT-Utstyr er å følgje med i marknaden og velje og kjøpe inn produkt og IKT-utstyr. Vi driv òg med standardisering, testing og klargjøring av IKT-utstyr. Vidare tek vi imot og følgjer opp bestillingar av IKT-utstyr frå kundane/brukarane våre, og gir dei råd om produkta vi har kjøpt inn. Seksjonen er i tillegg koordinator for leveranse av server, lagring, databaser, nettverk.

IKT-sikkerheit

IKT-sikkerheit har det daglege ansvaret for ITIL-prosessen for informasjonsssikkerheit og styringssystemet for informasjonssikkerheit i Helse Vest IKT.

Klientdrift

Seksjon for klientdrift har ansvar for det meste av sluttbrukarutstyret dei tilsette nyttar dagleg, noko som inkluderer alt frå PC, skjerm, tastatur, mus, skriver, skanner og strekkodeleser.

I tillegg har dei ansvar for design og vidareutvikling av skrivebordet som alle kundane arbeider på. Målet er at det skal være enkelt og effektivt å bruke PC-løysingane i Helse Vest.

Seksjonen brukar i hovudsak løysingar som Microsoft, Citrix og Res teknologi.

Server og lagring

Server og lagring har ansvar for drift og vedlikehald av serverar og operativsystema på serverane. Vi forvaltar òg dei grunnleggende tenestene rundt serverane, som lagring av data, databasar, domene, sertifisering og e-post.

De ansatte i Server og lagring er fagpersoner som er allokert til produktet Nebula Privat sky. Nebula Privat sky har et helhetlig ansvar for alt i datasenteret. Sky er digitalisering av infrastruktur, her datakraft, lagring og nettverk. Privat sky vil si at Helse Vest IKT har full operasjonell kontroll på anlegg og personell.

Tele og signal

Seksjon for Tele og Signal har ansvar for det sluttbrukarutstyret knytt til områda telefoni, pasientvarslingsanlegg, videokonferanse, infoskjermar, tv-signal.

I tillegg har vi ansvar for design og vidareutvikling av alle tenester knytt til dette. Målet er at løysingane skal vere enkle i bruk og at dei er med å effektivisere arbeidsflyten i Helse Vest.

Seksjonen brukar i hovudsak løysingar levert av Avaya, Ascom, Best, Cisco.

Skytenester

Seksjonen forvaltar skytenester i Helse Vest, og har mellom anna ansvar for Microsoft 365 og Azure. Vi bidrar òg med rådgiving i innkjøp og anbod av nye skytenester.

Avdelingsleiar

Harald Flaten jobbar som avdelingsleiar for Tenesteproduksjon. Du kan nå Harald på telefonnummer 959 45 237, eller på e-post harald.flaten@helse-vest-ikt.no.

Send e-post til Harald
Profilbilde av Harald Flaten