Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest IKT
IKT-ere i sofakrok.

Søk jobb hos oss

Her kan du bli del av eit innovativt miljø som jobbar for å betre pasientbehandlinga gjennom nye IKT-løysingar.

Helse Vest IKT er totalleverandør av IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Ve​st. Vi deltek òg aktivt i nasjonalt arbeid innanfor IKT i helsesektoren. Målet vårt er å levere gode tenester til kundane våre.

Hos oss vil du møte eit framtidsretta miljø, med variert erfaring og kompetanse,  som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar.

Vi har kompetente konsulentar og rådgivarar med variert bakgrunn frå informatikk, til prosjektleiing og helsefagleg kompetanse. Ein stor del av dei tilsette er erfarne rådgjevarar innan IKT eller helse. Mange kjem frå helsesektoren med ønskje om å forbetre pasientbehandling gjennom nye IKT-løysingar. I tillegg har vi medarbeidarar som er nyutdanna og kjem frå høgskule eller universitet. 

Fagleg utvikling for enkeltpersonar og selskapet står sentralt. Det er mogelegheiter for å søke interne stillingar innanfor andre fagområde, også geografisk. 

Vi har jobbmoglegheiter over heile Vestlandet. Medarbeidarane våre er nemleg spreidd frå Førde til Bergen, til Haugesund og Stavanger. Vi har òg mindre avdelingskontor på Voss, Odda, og Stord.

I Helse Vest IKT vil du møte kollegaer som er opptatt av eit godt arbeidsmiljø, der samarbeid, trivsel og samhald står i sentrum.

I tillegg til dette kan vi tilby gode pensjons- og forsikringsordningar i Kommunal- og landspensjonskassen (KLP).

Bli kjent med våre dyktige kollegaer

Helse Vest IKT har tilsette i mange ulike stillingar. Vi både forvaltar og er med på å utvikle løysingane som brukast på sjukehusa i Helse Vest. Lurer du på korleis det er å jobbe i Helse Vest IKT? Her kan du bli kjent med nokre av våre til...
Møt våre tilsette
Møt våre tilsette - her utanfor lokala våre .
Sist oppdatert 18.03.2024