logo Helse Vest IKT
Dame betjener telefon på AMK-sentralen.

Slår eit slag for KI på AMK-sentralen

Det er ikkje alltid enkelt å diagnostisere pasientar per telefon, og spesielt ikkje når minutt kan utgjere skilnaden på liv og død. Når potensielle slagpasientar ringer 113, gjeld det å få diagnostisert dei så fort som råd, slik at dei raskt får den hjelpa dei treng. Her kan KI bli ein viktig bidragsytar, fortel KI-spesialist Christian Autenried.

Christian jobbar i seksjon for Utvikling, og har kunstig intelligens (KI) som sitt spesialområde. Han er teamleiar for KI-teamet til Helse Vest IKT, som dei siste åra har jobba med eit prosjekt som skal gjere det enklare for operatørane på Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) å stille rett diagnose på slagpasientar som ringer inn.

En gruppe menn som sitter ved et bord med en bærbar datamaskin
Fra venstre: Christian Autenried, Cosimo Damiano Persia og Øyvind Sætrevik fra seksjon Utvikling i Helse Vest IKT.

Leier folk i rette retninga

Det heile byrja med PhD-studenten Emil Kristoffer Iversen i Oslo, som beit seg merke i at hjerneslag var vanskelege å identifisere per telefon. Han ville bidra til å gjere noko med det, og tok kontakt med Helse Vest IKT. Slik byrja ballen å rulle.

– Vår jobb som utviklarar er å leie folk i rett retning. Finne ut i kva samanhengar ein kan ta i bruk KI, og i kva tilfelle andre løysingar kanskje er betre eigna. Kartlegging av behov og moglegheiter er ein viktig del av jobben vår.
Christian Autenried

AISMEC-prosjektet er eit typisk eksempel på kva type prosjekt KI-teamet jobbar med. Ofte byrjar det med ein førespurnad frå ein ekstern part, som teamet så prøver å løyse på best mogleg måte. Målet med AISMEC-prosjektet er å lette jobben for AMK-operatørane ved å utvikle ein eigen KI-modell som raskare kan identifisere slagtilfella for dei.

KI dreg dei rette slutningane raskare

Utgangspunktet for KI-modellen er det som blir formidla til operatørane per telefon. Modellen må difor kunne lese denne informasjon, noko som per i dag fungerer best i tekstformat. Til dette prosjektet brukar Christian og teamet hans ein transkriberingsmodell frå Nasjonalbiblioteket, som kollega Cosimo Damiano Persia har spesialisert for bruk på akuttsamtalar. Resultatet er ein språkmodell som forhåpentleg vis kan identifisere reell risiko, basert på kva symptom som blir nemnde i samtalen. Prosjekt er pågåande.

– Målet er at KI-modellen skal operere med same informasjonen som AMK-operatøren har, men at den skal klare å leite fram tilleggsopplysingar og dra rette slutningar raskare enn operatøren har høve til å gjere, fortel Christian. I same augeblikk som operatøren registrerer fødselsnummer, vil KI-modellen kunne ta omsyn til informasjon om medisinar pasienten tek, samt tidlegare sjukehistorikk, noko som vil gjere at modellen kan ta avgjersler basert på betre informasjon enn det AMK-operatørane har tilgjengeleg.

Frigjer tid for dei tilsette i sjukehusa

Øyvind Sætrevik, gruppeleiar for Automatisering og KI i same seksjon, kan fortelje at noko av det finaste ved å jobbe med utvikling, er at ein får høve til å løyse dei problema og behova som folk har. Utviklarane får førespurnader frå heile Helse Vest, heile tida, og bidreg i alt frå forskingsprosjekt til praktisk bruk av KI.

– Helse Vest IKT er ein veldig spennande arbeidsplass. Eit av dei viktigaste måla for oss som jobbar med automatisering, er å frigjere tid for dei tilsette i sjukehusa, slik at dei får meir tid til å konsentrere seg om pasientane.
Øyvind Sætrevik

Eit komplekst miljø med mange oppgåver og moglegheiter

I arbeidet som utviklar lærer ein stadig nye ting. Når ein får inn oppdrag frå sjukehusa, må ein først og fremst skjøne problemstillinga. Då gjeld det å forstå kva konsekvensar nye modellar vil ha for pasientane.

– Vi er utviklarar, ikkje legar, seier Christian. Mange av problemstillingane sjukehusa kjem med, er nye for oss, og oppgåvene vi får er ofte komplekse. Heldigvis har vi eit spennande og godt arbeidsmiljø, der det er lett å samarbeide.

Christian understrekar at arbeidskvardagen til ein KI-utviklar er svært variert.

– Det som er viktig å forstå for dei som vil jobbe i HVIKT, er at vi har både forskingsprosjekt, innovasjonsprosjekt, og administrative prosjekt, og jobbar innanfor mange ulike temaområde. Det er eit komplekst miljø med mange forskjellige oppgåver og moglegheiter, og ikkje minst - mange hyggelege menneske.

Om AISMEC-prosjektet

AISMEC står for AI-Support in Medical Emergency Calls, og er eit samarbeid mellom Helse Vest IKT, KoKom og Helse Bergen.

Prosjektet starta opp i 2020, og målet er at resultata skal vere klare innan 2025. Helse Vest IKT bidreg i all hovudsak med innhenting og analysering av data, samt utvikling av KI-modellen.

Prosjektleiar: Guttorm Brattebø, Kirurgisk serviceklinikk (KoKom)

Sist oppdatert 12.09.2024