Pasienter med helseangst får hjelp der dei er, på video
Psykiater Ingvard Wilhelmsen brenn for fagfeltet og for å hjelpe pasientar, uansett kvar dei bur i Noreg. Videokonsultasjon har gjort det enklare for pasientane å bruke mindre tid på reise, og lettare for Ingvard å vere tilgjengeleg.

«Hypokonderlegen» er det mange som kjenner han som. Han har halde førelesingar og inspirert mange nordmenn til å le litt av sitt eige liv, og vår tendens til indre uro. Éin dag i veka, ved Hypokonderklinikken på Haraldsplass, gir Ingvard av si tid til pasientar som bekymrar seg så mykje at det går ut over livskvaliteten.
I møte med pasientar samanliknar Ingvard Wilhelmsen seg med ein tømmermann som skal handtere flytande tømmer i ei elv.
– Som tømmerfløtarane i gamle dagar følgjer eg det same prinsippet i behandlinga. Saman med pasienten finn vi tømmerstokkane som blokkerer flyten, og konsentrerer oss om desse. Desse stokkane er individuelle for kvart menneske.
Samtidig er Ingvard oppteken av at ikkje alt i livet kan fiksast eller kontrollerast.
Brenn for faget og formidling – også via video
– Livet er eit usikkerheitsprosjekt. Det er ikkje verdt å bruke energi på å kontrollere det du ikkje kan kontrollere. Vi skal alle døy av noko, men det tener ikkje noko formål å bruke livet på å leite etter mogelege symptom som kan indikere vegen ut av livet.
Psykiateren har blitt 76 år, og brenn framleis for faget. Han held jamleg førelesingar med skråblikk på oss menneske, over heile landet. Han tilbyr psykoterapi digitalt – og fysisk for dei som bur i Bergen.
– Det var under Covid eg byrja å bruke videokonsultasjon via Helsenett. Innan psykiatri var det mange som nytta seg av denne moglegheita, og eg har valt å halde fram med det.
Enkelt å bruke via DIPS
Som behandlar er det enkelt å opprette videosamtale via DIPS – der det blir oppretta ei innkalling i pasienten sin profil.
– Når eg har tildelt pasienten ein time, er det administrativt personale på sjukehuset som sender innkallingsbrev med informasjon om at dei er innkalla til ein videokonsultasjonstime. Eg loggar meg inn i pasientjournalen og startar videomøtet via timelista.
Som pasient får du deretter invitasjon via Helsenorge, der du kan starte videotimen frå timeinnkallinga di. Dette er eit tilbod, og ein kan velje det bort dersom ein heller ønskjer å møte fysisk.
Før behandling får pasientane tilsendt eit skjema slik at Ingvard kan kartleggje nivået på helseangsten og leggje opp eit behandlingsløp. Dei fleste får eit opplegg på fem til seks timar fordelt over eit halvt år.
Videokonsultasjon – aukar tilgjenge, sparer tid og miljø
Det er mange gevinstar å hente frå ei slik løysing.
– Tidlegare måtte alle pasientar møte fysisk i Bergen for konsultasjon. Med denne løysinga sparer vi både tid, pengar og miljøet. Pasientar kan få hjelp heimanfrå, uansett kvar dei bur i landet, via videosamtale.
Ingvard peikar òg på at langt fleire behandlarar burde nytte seg av denne tenesta.
– Det er klart at ikkje alle kan bruke denne arbeidsforma. Videokonsultasjon eignar seg godt for psykoterapi. Men òg klinikarar som skal følgje opp pasientar for å diskutere prøvesvar, eller kirurgar som skal sjekke korleis pasienten har det etter ein operasjon, kan ha stor nytte av dette – også frå heimekontor.