Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En mann med briller

Overgang til ny e-reseptløysing – ein del av eit større løp i Helse Vest

Forskrivingsmodulen som legane har brukt til å skrive e-reseptar dei siste ti åra, blir no erstatta med ei ny og moderne løysing i DIPS. Helse Fonna var først ute, med oppstart i mai. I forlenginga av dette vil også legemiddeloversikta til pasientane bli gjort tilgjengeleg.

Dagens løysing for e-resept er i ferd med å bli avvikla. Difor har Helse Vest valt DIPS si e-reseptløysing: Medikasjon.

Helse Fonna vart sett i produksjon i veke 19, og Helse Stavanger følgjer i veke 22. Helse Førde og Helse Bergen må vente til hausten.

En mann som står foran en bygning
Randi Hove er positiv til framdrifta for den nye e-reseptløysinga i Helse Vest. (Foto: Sissel Vie)

Fordelen for sjukehustilsette er umiddelbar:

– Sidan den nye løysinga kjem frå DIPS, slepp brukarane å forhalde seg til fleire system. All informasjon om ny e-resept vil liggje i Arenaportalen, fortel Randi Hove, prosjektleiar for Ny e-resept, Legemiddel og kurve.

Opplæring før produksjonssetting

Det blir lagt opp til opplæring for superbrukarar og sluttbrukarar i forkant av produksjonssettinga. Så langt ser det lovande ut, fortel Randi.

– Vi har nyleg hatt det første statusmøtet med HVIKT, dei fire verksemdene i Haugesund, DIPS og Norsk Helsenettverk. Så langt går alt etter planen, og det er få saker som blir meldt inn. Det lover godt!

Testing blant klinikarar

Klinikarar har vore med på å teste løysinga, i tillegg til testarar frå HVIKT og den regionale arbeidsgruppa for e-resept.

– Klinikarane er svært viktige for å få vurdert brukarperspektivet og melde behov for justeringar. Vi har hatt utfordringar med kvalitetssikring av meldingsflyten mellom DIPS, Norsk Helsenett og Reseptformidlaren. Etter mykje godt arbeid og samarbeid har vi kome i mål med dette òg.

Forløpar til PLL – Pasientanes legemiddelliste startar til hausten

Arbeidet som blir gjennomført er del av eit større løp som startar til hausten med Pasientanes legemiddelliste (PLL). Målet er å gjere legemiddeloversikta tilgjengeleg for helsepersonell i heile landet.

– Ved innføring av den nye e-reseptløysinga i Bergen er planen å få på plass både ny e-resept og PLL samtidig. Årsaka er at same fagmiljø er pilot for PLL, og dei brukar no den gamle e-reseptløysinga. Når Bergen er i gang med PLL, skal vi breidde løysinga vidare til resten av helsefellesskapa i Helse Vest. Dette vil gi ei stor forbetring og kvalitetssikring av oversikta over pasientens legemiddel på alle nivå i helsetenesta.

Sist oppdatert 21.07.2025