Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En mann som står utenfor

Nasjonal plattform for pasientbehandling i ambulanse

– Vi har lenge ønskja ein einskapleg multimonitorpark, både regionalt og nasjonalt. Det gir betre samhandling på tvers av helseføretaka, noko som kjem pasientane til gode – spesielt ved behandling av hjarteinfarkt. No vil vi kunne sjå det same EKG-biletet i ambulansane, på lokalsjukehus og på avdelingar med spisskompetanse på hjartebehandling, seier Thomas Knarvik ved akuttmedisinsk avdeling på Haukeland.

Ei ny skyløysing i kombinasjon med multimonitorar gjer det no mogleg å dele vitale data om pasientar på tvers av helseregionane. Dette vil mellom anna gjere flytting av pasientar tryggare og meir sømlaus enn tidlegare.

Multimonitor – måler vitale parameter i ambulansen

En mann som står utenfor
Thomas Knarvik er teknisk systemansvarleg på akuttavdelinga ved Haukeland

Multimonitorar er eitt av dei viktigaste arbeidsverktøya for helsepersonell innan prehospital pasientbehandling. Apparatet kan overvake ei rekkje vitale data og dele dei med sjukehus. I tillegg har det innebygd hjartestartar.

– Det medisinsk-tekniske utstyret blir brukt i alle ambulansar – også til sjøs og i lufta. Samstundes brukar sjukehustilsette applikasjonen for å støtte ambulansen og førebu mottak av pasienten for vidare behandling, fortel Thomas Knarvik.

Tidlegare kunne ambulansetenestene berre dele data frå multimonitorane innan si eiga helseregion. Med den nye nasjonale plattforma kan desse dataa no sendast til sjukehus over heile landet.

Dette gjer det mogleg å transportere pasientar meir sømlaust mellom helseregionar, og sjukehusa kan førebu seg betre på å ta imot dei. Dataa kan òg delast med fagpersonar som gir råd til ambulansepersonell – uansett kvar dei er i landet.

En mann med briller
Kenneth Engdal er fagekspert innan multimonitor

– Multimonitoren er eit viktig verktøy for ambulansetenesta. Han gir målingar, EKG og hjartestartar, og overfører desse målingane til ambulansejournalen. Det gjer at kardiologar kan logge seg på og få tilgang til sanntidsdata og vurdere EKG, forklarar Kenneth Engdal, fagekspert i Bliksund EWA regionalt og interregionalt.

Nasjonal løysing på plass i løpet av 2025

Vestre Viken HF i Helse Sør-Øst var først ute med å ta i bruk den nye nasjonale løysinga våren 2024. I løpet av året har fleire føretak følgt etter, og no i 2025 startar også Helse Midt-Norge og Helse Vest opp. Helse Nord planlegg òg overgang.

Helse Vest har vore aktivt med i innføringsprosjektet.

Mann med briller og grå genser
Erik M. Hansen har leia den interregionale styringsgruppa

Den interregionale styringsgruppa er leia av Erik M. Hansen, direktør for e-helse i Helse Vest.

– Noreg er eit lite land, og i akuttkjeda er det vanleg å flytte pasientar mellom regionar. Difor er det naturleg å leite etter nasjonale løysingar. Avtalen gjer det mogleg å vidareutvikle den prehospitale samhandlinga mellom helseregionane, noko som kan bidra til rask, trygg og effektiv helsehjelp.

På sikt skal også primærhelsetenesta kunne ta i bruk løysinga, noko som vil gjere samhandlinga endå meir komplett.

Helse Vest klar innan januar 2025

Anne Grethe Eholt, prosjektleiar for utrulling i Helse Vest, fortel at overgangen startar i slutten av januar. Då blir multimonitorane konfigurert til å lagre data i den felles skyløysinga.

En kvinne som smiler til kameraet
Anne Grethe Eholt er prosjektleier for utrulling i Helse Vest

– Helse Vest startar opp i Førde, Bergen og Stavanger frå 22. januar. Vi reknar med at overgangen vil ta tre til fire veker, men det er enno usikkert kor raskt det vil gå. Helse Fonna gjer eit flåteutbyte og startar når dei har fått levert nye apparat, truleg i mars. Når dei er ferdige, kan vi fase ut den gamle løysinga, seier Eholt.

– For Helse Vest gir dette moglegheit til å automatisere dokumentasjonsoppgåver som i dag blir gjort av helsesekretærar. Det frigjer tid i føretaka.

Ikkje store endringar – men store moglegheiter

Innføringa av den nye skyløysinga vil ikkje føre til store praktiske endringar for ambulansearbeidarane. Helse Vest IKT har, saman med fagekspertar og Medisinsk-tekniske avdelingar (MTA), planlagt overgangen slik at ho skjer raskt og skånsamt.

– I overgangen køyrer vi ny og gammal løysing parallelt til alt er oppgradert. Vår rolle er å koordinere oppgraderinga slik at ho blir gjennomført så raskt som mogleg. Eg har få bekymringar, sidan vi har eit fantastisk samarbeid med MTA-avdelinga, avsluttar Kenneth Engdal.

Sist oppdatert 16.07.2025