Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Testar for å redde liv

Når ein driftar eit sjukehus, er det mange system som må kunne snakke saman. Då er det viktig at systema det gjeld blir grundig testa i alle fasar av utviklinga – og det er her Helse Vest IKT sitt Testsenter kjem inn. Få er så tett på brukarane i sjukehusa som det testleiarane er.

Publisert 25.04.2025
Sist oppdatert 16.07.2025
En mann med skjegg

Ein testleiar fungerer som ein prosjektleiar, og er ansvarleg for testkvalitet i ei leveranse. Testleiar sørger for planlegging, gjennomføring og rapportering av testarbeidet. I nokre tilfelle kan testleiar vere ein aktiv part i sjølve testutføringa, men ein testleiar si primære oppgåve er å leie desse aktivitetane og bidra til eit produkt av best mogleg kvalitet. Sjølve testinga er det normalt foretaksressursar og forvaltarar i Helse Vest IKT som står for.

– Testing er avgjerande for å avdekke feil i kritiske system, som igjen er med på å redde liv, seier testleiar Annette Eliasson Kvamme.

Leiar testaktivitetar frå start til slutt

– Arbeidet vårt handlar i stor grad om å finne og identifisere feil. Når vi oppdagar feil, melder vi tilbake til dei som har laga løysinga, og når feilrettinga er gjort, testar vi på nytt. Å luke ut feil i forkant av produksjon bidreg til å sikre kvardagen for pasientar og helsepersonell i heile Helse Vest, seier Morten Windheim. 

Han og Annette er begge testleiarar i HVIKT. Annette har pasientjournalsystemet DIPS som sitt ansvarsområde, medan Morten jobbar med Imatis-løysinga, og alt som fell inn under den. Dei kan fortelje at sjølv om testleiarar jobbar innan mange ulike område, er testprosessen dei brukar ganske lik – uavhengig av om løysinga skal brukast på eit sjukehus, eit legekontor, eller i andre HF. 

– Vi planlegg testaktivitet, fasiliterer test og sørgjer for framdrift i testen. I tillegg rapporterer vi og følgjer opp feil med leverandørar. Vi er med andre ord med på testlaupet frå start og heilt til systema blir satt i produksjon, fortel Annette.

Viktig at ting speler på lag

Jo tidlegare ein testleiar blir involvert i eit prosjekt, jo betre. Ved å involvere ein testleiar allereie i anskaffingsfasen, kan ein sikre at det blir teke omsyn til naudsynte krav for test, testmiljø og testdata, både under utarbeiding av kontrakt, men òg i planlegginga generelt.

– I tillegg til sjølve testleiinga, tilbyr vi rådgjeving og teknisk testing. Vi har òg eigne ressursar som jobbar med testmiljøforvaltning og koordineringsaktivitet på tvers av testmiljø. Det er mange integrasjonar som må spele på lag, og då er det viktig med nokon som kan koordinere alt saman, seier Morten.

Ansvaret for systemintegrasjon ligg hos testleiarane ved Integrasjonssenteret, som planlegg, koordinerer og gjennomfører test av systemintegrasjonane. Dette arbeidet blir nokre gonger utført i forkant av Testsenteret sin test, og nokre gonger i samarbeid med testleiarane frå Testsenteret.

Eit kontinuerleg arbeid

Men testleiarane sitt arbeid sluttar ikkje når eit system er gått over i forvaltning. Systema som er i bruk på sjukehusa og i andre delar av helsesektoren, blir stadig meir komplekse, og det kjem nye versjonar og oppdateringar heile tida. Jo fleire system som kommuniserer med kvarandre, jo meir omfattande blir testarbeidet. 

– Når vi leverer til produksjon, forventar føretaka at produktet dei får skal vere av god kvalitet. Når det så kjem oppgraderingar, må vi køyre regresjonstest og teste på nytt, og sjekke at det ikkje er blitt innført feil. Testing er eit kontinuerleg arbeid, fortel Morten.

Grundig testing gir fungerande løysingar

Nybygg og modernisering av sjukehus utgjer ein stadig større og viktigare del av oppgåvene til Testsenteret. Dei siste åra har testleiarar frå Helse Vest IKT vore med i arbeidet med både Glasblokkene på Haukeland, Livabygget i Førde, og no òg Nye SUS i Stavanger. Grundig testing av system i forkant av innflytting gir kvalitet, og sikrar at løysingane fungerer som dei skal frå første stund.

– Når ein bygger nye sjukehusbygg, er det mange kritiske komponentar ein må planlegge for og teste – alt frå telefonisystem og signalanlegg, til varslingssystem, vareheisar og logistikk. Test av slike system er tidkrevjande, og ein må ofte vere fysisk til stades i lokala. Kort fortalt – alle knappar som kan trykkast på, må testast og verifiserast før eit system kan takast i bruk, seier Morten.

Brukarvenlegheit er ein viktig del av testarbeidet, og det å kunne involvere sluttbrukarane i prosessen, gir stor nytteverdi. 

– At løysingane vi testar faktisk fungerer for dei som skal bruke dei, er vesentleg. Då er det fint å kunne involvere brukarane så tidleg som mogleg, slik at vegen tilbake til utviklarane blir så kort som råd.