Agnete jobbar for ein tryggare sjukehuskvardag
Då Agnete fekk oppleve helsevesenet som nær pårørande, bestemte ho seg for at ho måtte forsøke å bidra til ei betre og tryggare verd for pasientar og tilsette i sjukehusa. Difor jobbar ho som UX-designar i Helse Vest IKT.
– Frustrasjon, forseinka prosessar og usikkerheit grunna teknologien i helsevesenet prega kvardagen til både pasientar og pårørande som meg, men òg dei som arbeidde på sjukehuset. Mannen min og eg planla at om alt gjekk bra med sjukdomsforlaupet, skulle minst ein av oss nytte seg av det vi hadde lært og gjere det vi kan for å betre kvardagen for pasientar, pårørande og tilsette, seier Agnete Larsson Gullaksen, som no er i sitt fjerde år som UX-designar.
Menneskeleg interaksjon og teknologi
UX står for User Experience, eller brukaroppleving på norsk, men kva er det eigentleg?
– Sjå for deg at du skal lage ein leikeplass for barn. UX er det du gjer som syrgjer for at leikeplassen ikkje berre er ein kjekk stad å vere, men òg ein trygg plass det er lett å forstå korleis ein skal bruke, og der ein kosar seg. Helst skal du ønske å komme tilbake gong på gong, forklarar Agnete og held fram:
– Det er òg viktig at tilgangen til leikeplassen er utforma slik at kven som helst kan komme dit og bruke han, uansett kva funksjonsvariasjon ein har. Her kjem universell utforming (UU) inn i biletet. UU handlar mest om inkludering, og heng tett saman med UX. Vi ønsker at alle skal få gode opplevingar med det vi lagar.
Ifølge Agnete er det ikkje mogleg å ha eit inkluderande samfunn utan universell utforming.
– Vi kan ikkje oppnå verken eit digitalt eller eit fysisk inkluderande samfunn om vi ikkje legg til rette for alle skal kunne delta, uavhengig av kva behov dei har, understrekar ho.
Brukaropplevingar er alfa og omega i sjukehusa sine løysingar
Agnete jobbar både strategisk og som rådgjevar for å fremje gode brukaropplevingar i løysingar som Helse Vest IKT leverer.
– For å bli kjent med dei ekte behova til brukarane våre, er eg mykje ute i klinikkane og observerer. Sjukehusverda er kompleks, men løysingane vi leverer skal jo brukast av menneske. Då er det òg viktig å kjenne til kva behov, ønsker og motivasjonar menneska har i møte med teknologien, stadfestar UX-designaren.
Ho hadde nyleg ansvar for brukaropplevinga i ei heilt ny løysing som skal leverast til sjukehusa, som skal trygge inneliggande pasientar gjennom ein ny og innovativ måte å kommunisere med pleiepersonell på.
– Før vi kunne byrje å lage løysinga, måtte vi møte pasientar for å forstå korleis eit sjukehusopphald kan gjerast endå litt betre for ein innlagd pasient. Etter å ha testa både med papirskisser og prototypar ein kan klikke på, justert, testa på nytt og justert igjen, har vi komme fram til eit produkt som vi trur kan fungere veldig godt for pasientar som er motiverte til å nytte seg av digitale verktøy under sjukehusopphaldet sitt, fortel Agnete ivrig.
Gnistrande fagmiljø og meiningsfulle oppgåver
Gneisten for menneskeleg interaksjon og teknologi vart tend allereie på universitetet, då Agnete studerte informasjonsvitskap.
Sidan har ho fått utvikle seg gjennom ulike roller i fleire store organisasjonar, både som frontend-utviklar, interaksjonsdesignar, web-rådgjevar, UX-rådgjevar og produktrådgjevar. Òg i Helse Vest IKT har det vore ei bratt læringskurve.
– Eg har blitt kjent med veldig mange fine og knallflinke folk som alle brenn for det same, og føler meg heldig som har hatt meiningsfulle og spanande oppgåver i Helse Vest IKT heile vegen, som i tillegg har vore fagleg utfordrande, seier Agnete nøgd.
– Om eg trivst? Gjett då! Eit gnistrande fagmiljø og meiningsfulle oppgåver gir grobotn for høg trivsel. I tillegg elskar eg god kaffi, og sidan vi har ein eigen kaffiklubb med digg kaffi må det jo nesten nemnast, det òg, gliser ho avslutningsvis før ho går frå spøk til alvor:
– Det finst eigentleg ikkje eit annan stad å jobbe om ein ønsker å nytte seg av faget sitt for å få ein meiningsfull arbeidskvardag. Når vi lukkast med å lage gode brukaropplevingar i det vi leverer, har det stor verdi for alle dei som jobbar i sjukehusa, som skal ta vare på oss når vi, eller dei vi er glade i, blir sjuke og treng helsehjelp.