Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

– Ingen poliklinikkar vil tilbake til papirkurve

Det er elektronisk kurve som er framtida, meiner sjukepleiar Anna Andersland Boge ved Hudpoliklinikken på Haukeland. Til dei poliklinikkane som framleis brukar papirkurve, og er usikre på om elektronisk kurve MEONA er noko for dei, har ho eitt einaste råd: Berre hopp i det!

Publisert 05.05.2025
Sist oppdatert 16.07.2025
En person som smiler til kameraet

Gjer arbeidskvardagen lettare

Anna og kollegaene hennar brukar elektronisk kurve MEONA til å legge inn vitale målingar av pasientane, samt til medisinering og infusjonar. Ho kan fortelje at elektronisk kurve gir meir kontinuitet i arbeidet, samstundes som det lettar arbeidskvardagen hennar.

– Vi har betre oversikt over pasientane våre, kva medisindosar dei har hatt tidlegare, om dei har gått opp eller ned. Før var det mykje fram og tilbake mellom legar og sjukepleiarar, mykje springing i gangane. Det at alle no har tilgang til dei same dokumenta, uansett kvar dei er, er fantastisk.

Om det skulle oppstå problem med MEONA, eller klinikarane på poliklinikken lurer på noko ang. elektronisk kurve, er dei systemansvarlege for MEONA berre ein telefon unna.

– Dei er veldig tilgjengelege og behjelpelege! I tillegg hjelper vi kvarandre internt på avdelinga. Vi er tross alt eit team når vi jobbar i MEONA, seier Anna.

Har revolusjonert pasientsikkerheita

Middels bilde av kvinner som smiler
Hilde Sørdal og Elin Haugland, Helse Bergen.

Elin Haugland og Hilde Sørdal er begge sjukepleiarar, og systemansvarlege for MEONA i Helse Bergen. Dei fungerer som bindeledd mellom brukarane og systemforvaltarane, og kan bekrefte at dei poliklinikkane som har teke i bruk elektronisk kurve hittil, har fått ein enklare arbeidskvardag.

– Ingen av dei har lyst til å gå tilbake til papir. Elektronisk kurve MEONA har revolusjonert både pasientsikkerheit og tilgjengelegheit, fortel Elin.

Hilde kan fortelje om ein heilt annan arbeidskvardag den gong ho byrja å arbeide som sjukepleiar. Då var kurve på papir det einaste alternativet, og ein brukte mykje tid på å tolke handskrift og leite etter kurvene, før medisinane kunne delast ut.

– Med elektronisk kurve er det lett å forstå kva informasjon som skal gjevast, og informasjonen er tilgjengeleg med nokre tastetrykk. Her har Noreg kome mykje lenger enn i mange andre land. Så vi får jo ting til!

Tilgjengeleg i heile Helse Vest

Elektronisk kurve MEONA er tilgjengeleg for poliklinikkar i heile Helse Vest, men det er opp til kvar enkelt klinikk om dei ønsker å ta systemet i bruk. Både Hilde og Elin er einige om at det er poliklinikkar som handterer legemiddel som vil ha størst nytte av systemet. Dei oppfordrar alle som lurer på om dei kan ha nytte av elektronisk kurve MEONA til å ta kontakt med dei systemansvarlege i sin region.

– Dei kan komme og vise korleis MEONA fungerer, og så kan klinikkane sjølve vurdere om det er interessant for dei. Klinikarar opererer med mange ulike bruksmønster, og vi kan i stor grad legge til rette bruken av elektronisk kurve til kvar enkelt poliklinikk sine behov.

Helse Vest IKT konfigurerer og lagar template etter ønske, slik at poliklinikkane får systemet akkurat slik dei vil ha det. Ein template er ein standardordinasjon/pakke av legemiddel, som gjer ordinasjonsprosessen meir effektiv med færre klikk.

– Når klinikarane har fått den rette opplæringa, og riktig konfigurasjon er på plass, er elektronisk kurve MEONA veldig lett å bruke, fortel Hilde og Elin.

Vil at fleire poliklinikkar skal ta det i bruk

Innføringa av elektronisk kurve MEONA i Helse Vest er eit arbeid som har gått føre seg over fleire år. Det byrja med poliklinikkar innan rus og psykisk helsevern i 2021 – ei innføring som har vore svært vellukka. No er det dei somatiske poliklinikkane som viser interesse. Spesialrådgjevar Thor-Einar Stemland og konsulent June Indrevær, begge frå Helse Vest IKT, er to av mange som arbeider med å tilpasse MEONA-systemet til dei ulike behova som poliklinikkane måtte ha. Berre det siste året har ti nye somatiske poliklinikkar teke i bruk elektronisk kurve, og to til står for tur før sommaren.

En mann og en kvinne som smiler
Thor-Einar Stemland og June Indrevær, Helse Vest IKT.

– Med elektronisk kurve får ein opp all informasjonen ein treng med få klikk. Dessutan treng poliklinikkane eit system som er effektivt og raskt – og det er MEONA, seier Thor-Einar.

Thor-Einar og June ønsker no å spreie ordet om MEONA, slik at endå fleire poliklinikkar i Helse Vest kan ta i bruk elektronisk kurve.

– Det er ikkje alle poliklinikkar som treng elektronisk kurve, men vi ser at stadig fleire gjer seg nytte av det likevel. Dører kan opne seg ved å ta det i bruk – det oppstår nye moglegheitsrom, som igjen forbetrar klinikarane sin arbeidsdag, fortel June.

Å sette opp elektronisk kurve MEONA tek ikkje meir enn ein dag eller to, og det blir tilbydt kartlegging i forkant, opplæring undervegs og oppfølging i etterkant.

– Vi er her for klinikarane – det er vårt bodskap, avsluttar Thor-Einar.