logo Helse Vest IKT

Full fart framover

– Vi kastar ikkje bort tida her i Helse Vest IKT, og kvar einaste dag gjer vi noko som bringer helse-Noreg nokre steg vidare inn i framtida. Vi er langt framme i skoa når det gjeld å ta i bruk ny teknologi, og DIPS har vore i frontlinja på fleire store prosjekt dei siste åra, seier Mona Knarvik.

Publisert 09.09.2024
Sist oppdatert 10.09.2024
En kvinne som bruker briller

Ho jobbar med den tekniske forvaltninga av DIPS Arena, journalsystemet som sørger for at helsepersonell alltid har tilgang på oppdatert informasjon om pasientane. Dagane går med til installasjon, overvaking og feilretting i ti ulike testmiljø, i tillegg til produksjonsmiljøet, noko som betyr rundt 70 Windows-maskiner, fire Kubernetes-miljø og ei handfull Linux-maskiner.

– I DIPS-teamet er det full fart framover stort sett heile tida. Det kjem hyppige feilrettingar og nye produkt frå leverandør som skal innom våre testmiljø før det skal ut i produksjon. Desse leveransane er som oftast ikkje rett fram. Det ligg mange feilsøkingstimar bak det som går ut i produksjon, forklarer Mona.

Ting hastar som oftast, tempoet er høgt, og det er nettopp det eg likar med å jobbe i DIPS-teamet.
Mona Knarvik

I hennar rolle må ein vite litt om alt, kunne snu seg raskt, levere fortare enn fortast og like litt fart og spenning i kvardagen.

– I fare for å høyrest utruleg kjip og politisk korrekt ut, så elskar eg verkeleg effektivitet og det å levere! Du veit aldri kva som kan skje, så det er berre å henge med i svingene, seier Mona.

Forbetrar brukaropplevinga

DIPS-forvaltninga har både ei teknisk og ei funksjonell side. Mona jobbar i seksjonen Applikasjonsdrift, som har ansvar for det tekniske.

– Vi samarbeider tett med den funksjonelle forvaltninga som testar og verifiserer at leveransen er klar til å settast i produksjon. Vi har teammedlemmer på fleire lokasjonar over heile Vestlandet, og mykje av samarbeidet skjer via Teams-møter der vi trekker inn både eksterne og interne ressurspersonar når vi har behov for det.

Ho fortel at dei har gjort store løft den siste tida, mellom anna for å auke sikkerheit, effektivitet og kvalitet på serverdrifta. No er journalsystemet i ferd med å bli flytta frå ei Windows-plattform og over på plattforma Kubernetes, noko som vil gi betydelege forbetringar i ytinga for sluttbrukarane.

– Vi er òg i sluttfasen av å implementere eit nytt overvakingssystem, som skal vise oss kvar tidstjuvane i infrastrukturen gøymer seg, slik at vi igjen kan forbetre brukaropplevinga.

«Ring ein venn»

Det er ikkje berre det å levere effektivt som gjeld, ein skal òg levere kvalitet. Då er det godt å ha mange gode kollegaer å spele ball med. «Ring ein venn» kan fort bli eit godt kort å spele ut.

– I Helse Vest IKT blir ein alltid møtt med eit smil og eit «sjølvsagt skal eg prøve å hjelpe til», uansett kven ein kontaktar. Kollegaene mine deler kunnskap og bidreg med godt humør.

Arbeidsmiljøet er rett og slett noko for seg sjølv her, i positiv forstand.
Mona Knarvik