Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest IKT

Læringsportalen

Svar på ofte stilte spørsmål om innlogging i Læringsportalen, for studentar og medarbeidarar.

Eg er student og skal ta kurs før eg startar i praksis:

Du kan enkelt opprette en ekstern profil i Læringsportalen før du startar i praksis. Gå til Læringsportalen og klikk på knappen "Registrer deg".

  1. Registrer din e-post adresse.
  2. Registrer fødselsnummeret ditt, 11 siffer (om du skal starte i jobb eller praksis i Helse Vest) – om du får feilmelding om fødselsnummer, sjå under.
  3. Registrer fornamn, etternamn og fødselsdato.
  4. Vel organisasjonen som er knytt til føretaket kor du skal arbeide.
  5. Hugs å kontrollere at du har ført inn rett e-post adresse. Når du trykkar "Lagre" vil du få ein e-post for å fullføre registreringa.

Om du får melding om at fødselsnummeret allereie er i bruk kan det vere at du har hatt ein profil på eit tidlegare tidspunkt. Om du kan hugse e-postadressa som du nytta når du oppretta profilen kan du bestille nytt passord (sjå under). Om dette ikkje går kan du opprette ein ny profil utan å legge inn fødselsnummer.

Om du opprettar profil utan fødselsnummer må du vere merksam på følgjande: Ekstern profil utan fødselsnummer vil ikkje automatisk bli slått saman med den interne profilen som du får automatisk når du startar i praksis. Vi ber deg difor om å melde ei sak til Helse Vest IKT sitt kundesenter etter at du har starta i praksis så kan me slå saman dine profilar og overføre alle kursa du gjennomfører i ekstern profil til den nye interne profilen.

1. Gå til Læringsportalen.

2. Klikk på knappen «Innlogging».

3. Klikk på lenka «Glemt passord».

4. Brukarnamn: E-postadressa di *

*Merk: Om du allereie har starta i praksis er brukarnamnet det same som ved PC-innlogging.

  • Sjekk at du har skrive inn rett e-postadresse og prøv på nytt.
  • Sjekk om e-posten har blitt lagt i søppelpost.

Om dette ikkje hjelp kan du opprette ein ny ekstern profil.

Om du allereie har ein intern profil i Læringsportalen kan du nytte denne når du skal ta kursa du treng før praksis. 

For å logge inn i Læringsportalen heimanfrå på din interne profil må du ha et eige passord i Læringsportalen, men du nyttar det same brukarnamnet som PC-innlogging. 

Passordet i Læringsportalen er ikkje det same som du nyttar når du logger inn på PC. Me tilrår at du går inn på brukarprofilen din i Læringsportalen ein dag du er på jobb og set eit nytt passord i Læringsportalen som du seinare kan bruke når du skal logge inn heimanfrå. Du kan i tillegg registrere den private epostadressa på profilen din, denne kan komme til nytte om du vil bestille nytt passord og ikkje har tilgang til jobbmail.

Om dette ikkje går kan du melde sak til Helse Vest IKT.

Om du ikkje fann svar på dine spørsmål over, meld sak til kundesenteret hos Helse Vest IKT.

Kundesenteret gir brukerstøtte og løyser programvarefeil for tilsette i Helse Vest. Kundesenteret har opent alle dager heile døgnet. Du kan kontakte oss på telefon 55 97 65 40, e-post eller via Kundeweb for å melde inn feil, gjere bestillingar og få svar på spørsmål.

 

Eg har starta i jobb i eit av helseføretaka men kan ikkje logge inn i Læringsportalen:

Om du er innlogga på ein jobb-pc skal du komme inn automatisk i Læringsportalen. Om dette ikkje går kan du melde inn ein sak til Helse Vest IKT sitt kundesenter.

Om du har tilgang til din jobbmail kan du velje «Glemt passord» på innloggingssida i Læringsportalen. Legg inn ditt brukarnamn (det same som du brukar når du logger inn på PC) og følg instruksjonane i e-post.

Om du ikkje har tilgang til jobbmail kan du melde ein sak til Helse Vest IKT sitt kundesenter.

Om du ikkje fann svar på dine spørsmål over, meld sak til kundesenteret hos Helse Vest IKT.

Kundesenteret gir brukerstøtte og løyser programvarefeil for tilsette i Helse Vest. Kundesenteret har opent alle dager heile døgnet. Du kan kontakte oss på telefon 55 97 65 40, e-post eller via Kundeweb for å melde inn feil, gjere bestillingar og få svar på spørsmål.

 

Kundesenteret gir brukerstøtte og løyser programvarefeil for tilsette i Helse Vest. Vi har opent alle dager heile døgnet. Du kan kontakte oss på telefon, e-post eller via Kundeweb for å melde inn feil, gjere bestillingar og få svar på spørsmål.

Sist oppdatert 28.08.2023