Oppmøte

Når du kjem til sjukehuset kan du sjølv melde deg møtt til timen din.

En mann i rullestol

Sjølvbetent oppmøte skal sikre betre køhandtering og betre oversikt for helsepersonell. Dette bidrar til å korte ned ventetida for pasientar som skal til utgreiing eller behandling på poliklinikk eller radiologisk avdeling.

Ein time før avtala tid på sjukehuset får du ein sms med informasjon om dagens time. Då får du også ei lenkje du kan bruke for å registrere oppmøte ved bruk av mobil. Det er også mogeleg å registrere oppmøtte på ein av sjølvbeteningsautomatane våre, eller i resepsjonen der du har time.

Når du har registrert deg, får du beskjed om kva for ventesone du skal gå til, samt referansekoden din. Referansekoden vil du finne igjen på skjermen på venterommet. Når status ved referansekoden din endrar seg frå «VENT» til «GÅ TIL», skal du gå til det rommet som står på skjermen. Denne informasjonen får du òg på mobilen din.

Tilgjengelegheit og universell utforming:

Alle offentlege nettstedar og appar skal ha ein tilgjengelegheitserklæring. Tilgjengelegheitserklæringar for sjølvbetjeningstjenesta selvbetjent ankomst på mobil er oppretta og publisert i Digdir (Digitaliseringsdirektoratet) si sentrale løysing, uustatus.no. Helse Vest IKT har testa og vurdert nettstaden internt, i kombinasjon med ekstern hjelp frå leverandøren DNV Imatis. 

Tilgjengelegheitserklæringa hjelper oss med å få oversikt over status og gir brukarane av løysinga mulighet for å gi tilbakemelding når nettsidene ikkje fungerer for dei. 

Du kan lese meir om universell utforming av nettstadar og appar, automatar og tilgjengelegheitserklæringer på nettstaden til Tilsynet for universell utforming av ikt.

Sist oppdatert 15.04.2025